Organisasjon og tilsette

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Det er rundt 74 årsverk ved institusjonen, fordelt på om lag 100 tilsette.

Inger Johanne Osland er administrerande direktør og har det overordna ansvaret for dagleg drift av selskapet. Administrerande direktør rapporterer til styret. Styret til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har sju medlemmar. Det er eit eige brukarutval knytt til senteret.

Overlege, spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering har det medisinsk faglege ansvaret for behandlingstilbodet ved institusjonen. Det tverrfaglege helseteamet består av leger/ legespesialist, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom, arbeidskonsulent, logoped, helsefagarbeidar, miljøterapeut og assistentar.

Andre tilsette er administrativt personell, kjøkken- og reinhaldspersonell, resepsjonsmedarbeidarar, IT-medarbeidere, kulturarbeider samt vaktmeistrar.

Forsking og fagutvikling (FOU)
Senteret sitt tilbod skal vere kunnskapsbasert og vi har stort fokus på å drive med forskings-og prosjektsarbeid både saman med andre relevante organisasjonar og i eigen organisasjon. Senteret har tilsett forskingsleiar og seniorforskar, begge med dr.gradskompetanse, som skal bidra til forsking og kunnskapsheving innan rehabiliteringa på senteret