Kultur- og fritidsaktivitetar

Det finnast ulike kultur- og fritidsaktivitetar ved senteret. Nokre av aktivitetane er sjølvstyrte, medan andre er i regi av senteret. Du finn nyttig informasjon på oppslagstavle for kultur/ fritid.

Vi ynskjer at aktivitetane kan vere med og skape glede og nye erfaringar, og vere ein arena for meistring og ny kunnskap.

Det kjem pasientar til senteret som er svært flinke med handarbeid, måling eller anna kreativt arbeid. Dette er kjekt, men slik produksjon må avgrensast til eige bruk. Det er ikkje rom for at pasientar kan drive med kommersiell verksemd/ kjøp og sal her på Haugland.

Vi ser og frå tid til anna at det er ynskje om «spleis» blant pasientar til ulike arrangement, det kan vere feiring av bursdag eller ein sosial hyggekveld. Dette er kjekke initiativ, men vi ser det byr på utfordringar for enkelte å bidra økonomisk, sjølv med det ein tenkjer er «småbeløp». Vi ber om at ein viser omsyn og unngår slike innsamlingar.

Snikkarbua og hobbyrom

Nede ved fjorden ligg Snikkarbua, med rom for handverk, måling og andre hobbyaktivitetar. Du får kjøpt målingsutstyr i resepsjonen, eller du kan ta med eige utstyr. Du får og kjøpt treprodukt til måling, pakkar til nålefilting og litt garn.

Hobbyrommet ligg i gangen bak resepsjonen og er tilrettelagt for ulike typer kreativ aktivitet. Rommet er primært for dei som ikkje kjem seg så lett ned i Snikkarbua, men alle kan bruke det om det er plass.

Sjølvstyrt aktivitet

Senteret ligg ved Flekkefjorden, som er brukt til rekreasjon og fisking. Vi låner ut ulike typer utstyr og spel til uteaktivitet, og det er godt merka turløyper i området. Her er utlån av kano, båt og syklar i aktuell sesong. Bruk av dette må vere avklara med din koordinator på førehand.

Av utespel finn du badminton, dart, kubb, krokket, boccia og scoopball. Dette finn du utanfor Snikkarbua (under tak) eller i den lille boda nede ved sjøen. Pilar til dart kan du låne i resepsjonen.

I ventesona i aktivitetsbygget kan du spele biljard og bordtennis. Vi har og brettspel til utlån.