Oppdatering frå RKHR knytt til situasjonen rundt Covid-19

Vi er no kome til november og vi har alle måtte forholde oss til situasjonen rundt Covid-19 i snart 10 månadar. Senteret har stått ovanfor store utfordringar, og vi gjer alt vi kan for å imøtekomme smittevernsreglar til ei kvar tid.

Etter å ha stengt ned senteret i mars, og deretter hatt redusert drift i sommar, er no alle tilsette tilbake på jobb. Det er svært gledelig. Dei tilsette har jobba godt for å finne måtar å organisere drifta på innanfor gjeldande smittevernreglar. Dette gjer til at vi no har kring 90 % kapasitetsutnytting.

Nyleg måtte vi innskjerpe permisjonsreglane ved senteret, på grunn av auka smitte i store delar av landet. Dette er beklagelig, men dessverre heilt nødvendig for å kunne redusere sjansen for smitte på senteret og i samfunnet elles.

Slik situasjonen er no, er vi førebudd på at vi også i 2021 kjem til å måtte leve med smitte i samfunnet.  Vi arbeider difor no med å gjere meir permanente endringar i bygningsmassen, slik at vi i 2021 igjen kan drive med tilnærma fullt belegg. Eit av tiltaka er å utvide matsalen. Denne jobben skal vi starte med alt i desember og vi håper at dette ikkje vil påvirke pasientane i altfor stor grad.

Til slutt vil vi takke alle pasientar for at de viser forståelse og tålmodighet i situasjonen og ønsker dykk alle eit godt og nyttig opphald hjå oss.

Med vennleg helsing leiinga ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter