27. Oktober – Ergoterapiens dag

I dag, 27. Oktober, er Ergoterapiens dag. Ved senteret har vi to ergoterapeutar, samt ergoterapistudentar frå HVL.

Ergoterapeutane ved RKHR arbeider tett med pasientar, gjennom for eksempel handtrening for å forbetre eller oppretthalde funksjon for å meistre kvardagsaktivitetar meir tilstrekkeleg.

Ei anna viktig arbeidsoppgåve er å søke på ulike hjelpemidler som kan føre til at pasientane blir tryggare og meir sjølvstendige heime. Eit slikt hjelpemiddel kan føre til forbetra livskvalitet og eit meir aktivt liv for pasienten. Slike hjelpemidler kan vere aktivitetshjelpemiddel, rullator, AssiStep med meir.

Ergoterapeutar driv og med trappetrening, som er ein fin måte å trene balanse og gangfunksjon på. Ved bruk av AssiStep får pasientane ekstra støtte og dei kan bli meir sjølvstendig ved å kunne gå i trapper aleine på ein trygg måte.