Frå allmennlege til lege innan rehabilitering

Tverrfagleg samarbeid, rehabilitering og ein heilt anna måte å arbeide på var noko av det som frista Anne Laue til å søke som lege ved Haugland Rehabiliteringssenter.

Anne Laue starta denne hausten som ny lege ved senteret. Ho er født og oppvaksen i Bremen, og studerte til å bli lege i Kiel. Anne flytta til Norge i 1998, og har lang og brei erfaring som lege. Ho har jobba som allmennlege ved Frekhaug Legesenter, lege ved Legevakten i Bergen og som praksiskonsulent ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus. Anne har og vidareutdanning i rehabilitering.

Gjennom jobben som allmennlege har ho henvist mange pasientar til Hauglandsenteret, og tilbakemeldingane frå pasientane har vore gode. No er det ho som skal ta i mot pasientar ved senteret framover, noko som ho gler seg til.

Anne fortel at ho er veldig interessert i rehabilitering, som inneber periodar i livet som krev endring. Samt liker ho godt konseptet ved Hauglandssenteret, og det var difor ho søkte på den utlyste stillinga. No ser ho fram til å jobbe frå ein anna vinkel, enn det ho vanlegvis gjer som allmennlege. Det å kunne lære i frå andre faggrupper gjennom tverrfagleg samarbeid er noko av det ho ser fram til, samt at ho sjølv bidrar med innsikt og lærdom. Det å forstå kvarandre er viktig i eit tverrfagleg samarbeid tenkjer ho.

Anne skal vere knytt til det grøne teamet, og ho fortel at ho har blitt tatt godt i mot av sine nye kollegaer. Ho gler seg til tida framover.