Med satsing på forsking

Tidlegare i haust begynte Tarja Kvalheim som forskingsleiar ved senteret. Med ein lang og variert bakgrunn innan forsking er ho no klar for å ta fatt på nye utfordringar ved Haugland Rehabiliteringssenter.

Tarja er utdanna sivilingeniør innan kjemiteknikk ved Det Tekniske Universitetet i Helsinki. Etter endt utdanning jobba ho som forskar i Finland og Sverige, og det var på denne tida at interessa for dataanalyse vaks fram.

I 2001 flytta ho til Norge for å jobba som konsulent og holde kurs innan dataanalyse. I 2010 tok ho ei doktorgrad ved medisinsk fakultet i Bergen og i 2014 begynte ho å arbeide med forsking ved Sentralsjukehuset i Førde. Der forska ho blant anna på ny type blodprøveanalyser.

Då stillinga som forskingsleiar ved senteret vart utlyst, frista dette stort. Ho likte tanken på å få jobbe med forsking tett opp mot det praktiske og i eit tverfagleg miljø. Ved senteret er det kortare veg i frå forskingsresultat til betring av behandlingsopplegget. Samt at ho er tettare på pasientane enn ved større institusjonar.

No er ho klar for å ta fatt på nye utfordringar ved Haugland Rehabiliteringssenter. Ho har store visjonar og forventningar til tida framover. I fyrste omgang, vil fokus vere på å få dokumentert pasienten sin nytte av rehabiliteringa, noko som vil bli viktig opp mot nye anbod til Helse Vest. Deretter ser ho for seg at senteret skal begynne med eigne forskingsprosjekt, og dette gler ho seg spesielt mykje til.