KORONAVIRUS – INFORMASJON
Vi har stort fokus på å forebygge og hindre spreiing av koronasmitte, og arbeider kontinuerlig med å tilpasse drifta til dei retningslinjer som til ei kvar tid er gjeldande. Det er utarbeida gode prosedyrar for å sikre eit godt smittevern på institusjonen, med mellom anna auka reinhald, tilrettelegging for å kunne halde god avstand, opplæring av tilsette, inndeling i kohortar og adgangskontroll.
For å sikre at alle skal få eit så trygt og godt opphald som mogleg, kontaktar vi alle pasientar før ankomst for kartlegging med tanke på smitte.