No er vi i gang igjen!

Vi er no godt i gang med tilbodet vårt på senteret. For tida har vi inne to kohortar med døgnpasientar, og vi planlegg å auke drifta vår gradvis utover sommaren og hausten. Folkehelseinstituttet sine retningslinjer gjer til at vi ikkje kan ha fullt belegg på senteret. Dato for opphalda vil difor kunne verte noko endra. Vi er i gang med å kontakte pasientar som har fått utsett opphaldet sitt, for å avtale ny dato. Vi beklager for dei vansker dette måtte medføre og for at nokon har fått litt lengre ventetid før behandling.

Grunna situasjonen med korona og for å kome i møte gjeldande smittevernkrav, har senteret innført adgangskontroll og alle besøk må difor avtalast på førehand.

Med vennleg helsing
Direktør Inger Johanne Osland