Kjell Olav fann motivasjon og speleglede

Kjell Olav gav la frå seg trekkspelet då Parkinson-sjukdommen svekka handmotorikken. På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter fann han tilbake spelegleda.

Eit halvt år etter at Kjell Olav hadde fått diagnosen Parkinson, kom han på sitt første rehabiliteringsopphald på Haugland.

Han hadde då gitt opp spelinga og seld det kjære trekkspelet sitt.

Dette fortalte han i legetimen på senteret og i retur fekk han eit bestemt svar: Legen meinte at Kjell Olav skulle spele!

Bestemte seg for å klare å spele

Kjell Olav fortel at han vart veldig inspirert og motivert etter samtalen, og gjekk rett å bestilte seg eit trekkspel.

Han bestemte seg for at dette skulle han klare.

Då han kom heim frå rehabiliteringsopphaldet låg trekkspelet og venta på han. Seinare vart det nytt keyboard, mikrofon, høgtalar og eit heilt nytt elektronisk trekkspel.

Motivasjon var ein del av medisinen

For Kjell Olav var det blandinga av sterk motivasjon frå rehabiliteringsopphaldet og gode medisiner, som gjordet det mogleg å fortsette med musikken.

«Musikken gjev meg stor glede i kvardagen», fortel han.

Speler på scena

Han entra scena att for første gong på 28 år, då han spelte på årsmøte til Sogn og Fjordane Parkinsonforening for nokre år sidan.

Dette gav meirsmak og Kjell Olav har vore på scena fleire gonger etter dette.

I sommar spelte han opp til dans i dottera sitt bryllup, og nyleg spelte han for medpasientar på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

«Det er min måte å gje litt tilbake på» seier Kjell Olav.