Informasjon til nye pasientar

Velkomen som pasient ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Vi håpar at du vil finne deg godt til rette hos oss.

På denne sida finn du nyttig informasjon om:

  • Praktiske spørsmål for pasientar
  • Bemanning på senteret
  • Fasilitetar inne og ute som pasientar kan bruke

Rehabilitering kan vere ein krevjande prosess, og det kan vere godt å trekke seg tilbake på rommet. Vil du vere sosial er du velkomen til fellesstovene på hovudhuset eller i Snikkarbua. Innimellom inviterer vi også til kulturelle aktivitetar.

For oss er det viktig å leggje til rette for eit best mogleg rehabiliteringsopphald for deg. Ta kontakt om du saknar du noko eller har spørsmål, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan.

  • Resepsjonen: 57 73 71 00
  • Vakthavande sjukepleiar (også for henvendelsar som hastar utanom opningstida til resepsjonen): 57 73 71 11

Det er nattevakt både i resepsjonen og på sjukepleieavdelinga.

Praktisk informasjon

På ankomstdagen møter du i resepsjonen og får tildelt rom. På ettermiddag/kveld er det felles velkomstmøte for nye pasientar.

Utsjekk av rommet er seinast kl. 09.30 på avreisedagen. Hugs alle personlege eigedeler. Det er fint om du tek av sengekleda.

  • Branninstruks heng på døra på rommet ditt.
  • Gjer deg kjend med rømmingsplan og næraste naudutgang.
  • Oversjå aldri ein alarm.
  • Bruk trappene ved evakuering, ikkje heis.
  • Samlingsstad er grusplass på Aktivitetsbana (på nedsida av bassengbygget).
  • Grunna brannfare er det ikkje høve til å nytte open eld, for eksempel stearinlys, på rommet.
  • Vi ber også om at du ikkje ladar mobil eller anna elektronisk datautstyr på natt.

Trådlaust nettverk: Haugland
Passord: hauglandgjest

På nettsida finn du informasjon om turløyper, kart, fritidsaktivitetar, timeplan, treningstider, og undervisningsmateriale.

Kvar gruppe har si eiga side, som du finn på: Under opphaldet
Passord på velkomstskrivet du fekk frå resepsjonen.

Privatpersonar skal betale ein eigendel ved bruk av offentlege helsetenester. Opphald ved senteret kjem inn under frikortordninga. Når eigendelstaket er nådd, vil du få tilsendt frikort.

Du vil òg få tilbakebetalt eventuelle beløp som overskrid eigendelstaket. Meir informasjon på www.helfo.no.

Vi ber om at du betaler eigendelen i resepsjonen i løpet av den fyrste helga du er her. Senteret har betalingsterminal.

Barn under 16 år og dei som har opphald med innvilga yrkesskade (godkjent yrkesskade må vere relatert til hovuddiagnose for opphaldet) har fritak for eigenandel.

Du får ein timeplan for treningsaktivitetane du skal delta på. I tillegg legg vi opp til undervisningstimar og i nokre tilfelle samtalegrupper.

Måltida vert servert i matsal ved resepsjonen. Det er bufféservering til alle måltid.

Av omsyn til allergiar ber vi om at du ikkje blandar serveringsbestikka i bufféen.

Spesialkost vert servert som eigen buffét. Maten vert merka med fornavnet ditt og type spesialkost.

Måndag til fredag:

  • Frukost kl.08.00 – 09.00
  • Lunsj kl. 11.45-13.00
  • Middag kl. 16.30-17.30
  • Kvelds – sjølvbetjent

Laurdag og sundag:

Kvelds – sjølvbetjent

Frukost/brunsj kl. 09.00-11.00

Middag kl.15.15-16.30

Sjukepleiarane har open time kvar dag på sjukepleiekontoret kl.  17.30 – 18.00.

Hovuddør på senteret er låst mellom kl. 23.00 og 07.00. Andre inngangar vert låst tidlegare. Bruk ringeklokke utanfor resepsjonen ved behov. Ver venleg og respekter at det skal vere ro på heile institusjonen mellom kl. 23.00 – 07.00.

Av omsyn til personvern er det ikkje tillate å fotografere eller filme andre pasientar. Du kan heller ikkje ta opp/filme undervisning eller aktivitet utan at avklaring med personale og samtykke frå dei som er til stades.

Dersom du skal vere borte frå senteret i lengre periodar, må du avklare dette med teamet eller sjukepleiar.

Om du berre er borte nokre timar, kan du registrere deg på eit eige skjema ved gruppa di si oppslagstavle på hovudhuset. Dette er eit tryggleikstiltak for at personalet til ei kvar tid skal ha oversikt over kven som er på senteret.

Vi tilrår at ein ikkje reiser på permisjon under opphaldet. Dersom ein likevel må ha permisjon, så må ein kontakte koordinator eller sjukepleiar for avtale.

Det er fire ladestasjonar for el-bil i bakken ned til Haugland. Alle har ladeuttak Type 2. Meir informasjon finn du på www.ladeinorge.no.

I tillegg er det er ladestasjon i Dale, 13 km frå senteret. Sjå www.eviny.no/ladestasjoner.

Mobilbruk kan forstyrre under aktivitet og undervisning. Set mobilen på lydlaus eller ha den avslått når du deltek.

Du kan ta imot gjester under opphaldet. Om gjesten ynskjer å bestille mat eller overnatting, må det avtalast med resepsjonen i god tid på førehand. Les meir under Gjestar og ledsager

Det er avgrensa kollektivtilbod i området. Kvar laurdag går det rutebuss frå Haugland t/r Førde. Sjå oppslagstavla for kultur og fritid.

Parkering er tilgjengeleg på merka stadar ved aktivitetsbygg. Området ved hovudinngangen er reservert for drosjer og forflyttingshemma som har godkjent parkeringstillating/-bevis.

Tilbakemelding frå pasientane hjelper oss å bli betre. Mot slutten av opphaldet vil vi difor be deg om å fylle ut ei brukarevaluering av opphaldet og behandlinga.

Vi ber om at du ikkje nyttar parfyme under opphaldet då mange reagerer på sterk parfymelukt.

Det er pasientalarm i alle hus.

Det er fint om du held orden når reinhaldspersonellet kjem for å vaske.

  • Tysdag og fredag er det reinhald av pasientrom og byte av handdukar i dei frittståande pasienthusa.
  • Mandag og torsdag er det reinhald av pasientrom og byte av handdukar i hovedhuset.
  • Ynskjer du å byte sengklede under opphaldet, tek du det av og vil få utlevert nytt når reinhaldspersonalet kjem innom rommet ditt.
  • Kontakt sjukepleieavdelinga om du treng du hjelp til å skifte sengeklede eller har særskilde behov når det gjeld sengeklede eller handduker.

Vi har nulltoleranse for bruk av alle rusmiddel medan ein er på på senteret. Det gjeld også alkoholfri øl og vin.

Det er røykeforbod på senteret sitt område. Røyking er kun lov på tilvist på røykjeplass nedom aktivitetsbygg. Dette gjeld heile døgnet. Alle aktivitetar i senteret sin regi er røykfrie. Forbodet gjeld også elektroniske sigarettar.

I pasientbustaden er det vaskemaskiner (gratis) og tørketromlar (2x 10 kr. mynt). Dei som bur på hovudhuset kan bruke vaskerommet i 1.etasje der. Vaskeriet er ubemanna og vask og tørk av klede er på eige ansvar. Det er strykejern på vaskeriet.

Du kan deponere verdisaker og kontantar i resepsjonen. Tenesta er gratis. Vi gjer merksam på at du sjølv har ansvar for verdisaker som blir oppbevart på rommet ditt. Lås døra når du går frå rommet.

Vår næraste nabo er UWC. Her er 200 studentar i alderen 16 til 19 år frå meir enn 90 ulike land. Det er høve til å gå tur på området til UWC.

Bemanning

Resepsjonen er døgnbemanna, med unntak av:

  • Fredag og laurdag kl. 07.30-14.45

Det er sal av diverse kioskvarer i resepsjonen kvar dag. Sjå opningstid i resepsjon. Kiosken er tilgjengeleg for pasientar og tilsette.

Alle pasientar får ein primærkontakt under opphaldet. Primærkontakten er institusjonen sin representant, og har ansvar for oppfølging og koordinering medan du er her hos oss.

Legekonsultasjon får ein etter behov. Legetimane er tverrfaglege og andre faggrupper vil kunne delta.

Det er sjukepleiar til stades heile døgnet.

Helsefagleg stab består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog, arbeidskonsulent og logoped.

I tillegg har senteret helsefagarbeidar og assistentar.

Anna stab er reinhaldspersonale, kokkar/kjøkkenassistentar, teknisk avdeling, inntakskontor, kultur- og fritidsavdeling, system/IT-avdeling og administrasjon.

Fasilitetar

Du har tilgang på basseng når det står på timeplanen din. Det er garderobar med inngang til bassenga. Merk at det ikkje er anledning til å gå ut i bassenget før fagstaben har gitt klarsignal.

Ein kan nytte badstu i forbindelse med bassengaktivitet.

Senteret har bøker og spel til utlån. Høyr med resepsjonen om du vil låne.

Det er ope for eigentrening i treningssal (TSK). Sjå treningstider på oppslagstavla ved resepsjon eller døra til TSK. Ha god hygiene og vask utstyr du har brukt.

Det er fjernsyn i kvar stove på pasienthusa. På hovudhuset er det fleire tv-stover ein kan nytte under opphaldet.

Snikkarbua ligg nede ved fjorden. Denne er open for sjølvstyrt aktivitet, som enkelt arbeid med ull, lær og tre. Der er også eit malerom. I hovudhuset har vi eit lite hobbyrom der du òg kan drive med handverksarbeid. Dette rommet er først og fremst for dei som bur på huset og ikkje kjem seg ned i Snikkarbua, men kan likevel brukast av alle.

Alle grupper får tilbod om opplæring/ introduksjon første veka. Det vil elles komme oppslag om andre tilbod. Sjå oppslagstavle for kultur/ fritid som er i gangen bak resepsjonen.

Senteret har tilrettelagte turstiar i nærområdet. Du finn oversikt på heimesida vår www.rkhr.no.

Det er mogleg å låne fiskeutstyr, ta kontakt i opningstida til resepsjonen om du ønsker å låne. Pasientar har òg tilgang til aktivitetsbana nedanfor bassengbygget.

Det er mogleg å låne robåt og sykkel om du er klarert for slik aktivitet. Ta kontakt i opningstida til resepsjonen. For el-sykkel må du ha nøkkel, men vanleg sykkel kan du låne også når resepsjonen ikkje er bemanna.

I 2. etasje i aktivitetsbygget ligg venterom for avtalar med fagstab. Der kan du også spele biljard og bordtennis.