Vegen hit

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg i bygda Flekke i Fjaler kommune, sjå kart for lokalisering.

Adressa vår er;
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Hauglandsvegen 308
6968 Flekke

Pasientar har sjølv ansvar for å koordinere reisa hit. Treng du hjelp til dette, kan du kan kontakte Pasientreiser enten på tlf. 05515 eller på nettsida deira for meir informasjon. Du kan køyre med eigen bil eller nytte offentleg transport for å komme hit. Merk at flyreiser, samt drosje over lengre avstandar må vere godkjent av tilvisande lege eller Pasientreiser på førehand. Her finn du meir informasjon om ulike reisemåtar til Haugland.

Om det elles er noko du lurer på med omsyn til reisa, kan du kontakte oss. Vi vil òg hjelpe med å koordinere reisa heim igjen etter rehabiliteringsopphaldet.

For refusjon av reiseutgifter, sjå her eller ta kontakt med Pasientreiser på tlf. 05515.