Vegen hit

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg i bygda Flekke i Fjaler kommune, , sjå kart for lokalisering.

Adressa vår er;
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Hauglandsvegen 308
6968 Flekke

Du kan køyre med eigen bil eller nytte offentleg transport for å komme hit, her finn du informasjon om ulike reisemåtar til Haugland.

Pasienten har sjølv ansvar for å koordinere reisa hit, treng du hjelp til dette kan du kan kontakte Pasientreiser på tlf. 05515 eller på nettsida deira for meir informasjon.

Om det elles er noko du lurer på med omsyn til reisa, kan du kontakte oss. Vi vil òg hjelpe med å koordinere reisa heim igjen etter rehabiliteringsopphaldet.

Merk at flyreiser, samt drosje over lengre avstandar må vere godkjent av tilvisande lege eller Pasientreiser på førehand.

For refusjon av reiseutgifter, sjå her eller ta kontakt med Pasientreiser på tlf. 05515.