Pasientrom og servicefunksjonar

Pasientrom

I hovudbygget er det enkeltrom med eigne bad. I kort avstand frå hovudbygget er det frittståande pasientbustadar med enkeltrom og eigne bad.

Opphaldsrom og tv

Det er TV-stover på senteret der ein kan sjå NRK og TV2, men det er ikkje eigne tv på romma.

Telefon, radio og internett

Det er trådlaust internett på senteret. Det er noko begrensa nett i forhold til å laste ned film mm. Det er ikkje telefon og radio på romma, men alle pasientrom er tilkopla pasientalarmsystem.

Kiosk og bank

I resepsjonen er det enkle kioskvarer, samt kortautomat for VISA. Det er høve til å ta ut pengar ved varekjøp. Næraste bank ligg i kommunesenteret Dale, 13 km frå senteret.

Verdisaker

Det er høve til å deponere pengar og verdisaker i safe under opphaldet.

Post

Det kjem postbod regelmessig til senteret, og ein kan sende og motta post.

Butikk

Nærbutikken vår ligg i Flekke, 3 km frå senteret. Her kan ein kjøpe daglegvarer og drivstoff. I kommunesenteret Dale (13 km) finn ein fleire butikkar.

Vaskerom og tørkerom

Vi har vaskerom som pasientane kan nytte, med vaskemaskin og tørketrommel. Vaskemaskin er gratis å bruke. Tørketrommel har myntautomat (2x 10 kr mynt). 

Røyk og alkohol

Institusjonen er røyk- og rusfri. Dersom du røyker, viser vi til fastsett røykeområde ute. Det er ikkje høve til å nyte alkohol eller andre rusmiddel under opphaldet.