Brukarevaluering

Tilbakemelding frå pasientar er viktig for at vi heile tida skal kunne utvikle oss

Pasientane er dei viktigaste personane ved senteret. Dei tilsette er opptekne av å gjere gode faglege og menneskelege vurderingar, og vi håpar pasienten får same opplevinga under opphaldet.

Vi er glade for å sjå at mange pasientar er tilfredse med tilbodet vårt. Like fullt er det viktig for oss å vere i utvikling, og vi strekker oss stadig etter område vi kan verte betre på.

Vi har eit eige brukarutval som er oppretta for å gje innspel til leiinga, sett frå brukaren sitt perspektiv. Utover dette er det viktig for oss å lytte til den enkelte pasient si evaluering. Før avreise får alle pasientar tilbod om å fylle ut evalueringsskjema med spørsmål om korleis ein opplevde opphaldet. Skjemaet er anonymt, og kan fyllast ut elektronisk eller på papir.

Tilbakemeldingar frå pasientane er nyttig for institusjonen, og er ei god hjelp slik at vi heile tida kan vidareutvikle oss og gje eit betre tilbod.