Veke av Hendingar
Brystkreftgruppe
Vi har gruppeopphald til kvinner som har eller har hatt brystkreft. Etter at kreftbehandlinga er over, dukkar det ofte opp nye spørsmål: Korleis er det å leve med ein kropp som har gjennomgått kreftbehandling? Kva er hensiktsmessig no, og korleis bør du legge opp kvardagen? Her får du treffe andre kvinner som veit kva du […]
Parkinsongruppe
På Haugland har vi lang erfaring med gruppeopphald for deg som har Parkinsons sjukdom. Måla for opphaldet er å: lære meistringsstrategiar for å dosere ut aktivitet, sosial deltaking, og/eller arbeidsdeltaking gje deg positive opplevingar knytt til å bruke eigen kropp aktivt starte ein prosess som skal kunne vidareførast ved heimkomst Gruppeopphalda er ein god arena […]
Gruppe for vestibulære sjukdommar og Ménières
Vi tilbyr gruppeopphald for vaksne med vestibulære sjukdommar og Ménières sjukdom. På eit gruppeopphald kan du lære mykje av å møte andre i same situasjon. Du får innføring i kognitiv terapi og innblikk i meistringsstrategiar for å kunne leve med plagene, samt rettleiing i tilpassa fysisk aktivitet og felles undervisning.