-

·
Ledige plassar for barn og ungdom
Alle barn fortener ein aktiv, sosial og meiningsfull kvardag. På Haugland har vi rehabilitering for barn og unge mellom 6 og 17 år, som har vore gjennom alvorleg sjukdom eller har ei funksjonsnedsetting. No har vi ledige plassar i oktober!
-

·
Terapibassenget stengt
Det varme terapibassenget vårt blir stengt i tre veker på grunn av vedlikehald frå fredag 28. august.
-

·
Gav innspel til fylkespolitikarane
Direktør Inger Johanne Osland nytta sjansen til både å informere og utfordre politikarane då programkomiteen til Vestland Arbeidarparti besøkte Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.
-

·
Svært positive resultat for kreftpasientar
Så mange som 94,4 prosent av kreftpasientane på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter rapporterer at dei har opplevd positiv endring under opphaldet.
-

·
Første i Noreg
Som det første og einaste i landet, har Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter starta med gruppeopphald for pasientar med søvnsjukdommen narkolepsi.
-

·
Haugland på NRK radio
«Å snu hjernen og så bli frisk – det høyrest nesten for godt ut til å vere sant», innleia NRK-programleiaren på «God sommar, Vestland». «Det er gode indikasjonar for at Pain Reprocessing Therapy vil hjelpe veldig mange, og PRT passar godt inn i den måten vi allereie jobbar på», svarte fysioterapeuten vår, Inge Holsen.
-

·
Ny behandlingsmetode på Haugland
Har du høyrt om Pain Reprocessing Therapy (PRT)? På kort tid har behandlingsmetoden blitt svært populær og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein av dei som no tar den i bruk. – Mange pasientar som trur dei må leve med smerter resten av livet, kan bli heilt friske, seier fysioterapeut Inge Holsen.
-

·
Prostatakreft: Ledige plassar om kort tid
På Haugland har vi lang erfaring med rehabilitering for kreftpasientar. Visste du at vi i vinter også fekk tilbod til menn som har hatt prostatakreft? No har vi ledige plassar og kort ventetid!
-

·
Møteplassen 2026: Korleis kan Pain Reprocessing Therapy (PRT) brukast i rehabilitering?
3.-4. november 2026 • Hotel Zander K, Bergen
-

·
Tilpassing av aktivitet på vatn
Det å tilpasse aktivitet til den enkelte sitt funksjonsnivå er sentralt i all rehabilitering.