Leige av basseng

Det er mogleg å leige basseng på Haugland. Ein disponerer då bassenget åleine i oppsett leigetid.

Instruks for leige av basseng:

  • Alle som leiger basseng må ha med ein ansvarleg person over 20 år som har godkjent livredningsprøve. Denne personen skal vere til stades i basseng/bassengområde under heile økta og ha oppsyn med gruppa, og har ansvar for at gjennomføringa av aktiviteten er forsvarleg.
  • Kopi av bevis for oppdatert livredningsprøve skal framvisast.
  • Det er krav om at det skal vere minimum to symjedyktige over 18 år til stades i bassenget.
  • Ved store grupper (t.d. skuleklassar), må ein vere fleire vaksne i bassenget.
  • Anbefalt tal personar er inntil 40 pers./time i det store bassenget og inntil 20 pers./time i terapibassenget.
  • Leigetakar har tilgang til garderobar 15 min før og etter bassengtida. Ein må ta høgde for å dele garderobe med andre.

Sjå retningslinjer for hygiene.

Pris er pr. time (60 min) i bassenget . Det er halv pris pr. påbegynte halvtime, og full pris etter 30 min.

  • Leige av eitt basseng:  kr.   850,-
  • Leige av badevakt:      kr.    500,-

Har ein ynskje om å leige badevakt frå senteret, må ein ta kontakt i god tid på førehand.

For meir informasjon, ta kontakt med oss på tlf. 57 73 71 00.