Leige av basseng

Det er mogleg å leige basseng på Haugland dersom ein ynskjer det. Det må vere minst to symjedyktige pr. gruppe.

Ein skal ha med ein ansvarleg person pr. basseng med godkjent livredningsprøve, som skal ha oppsyn med gruppa. Kopi av bevis for oppdatert livredningsprøve skal leverast i resepsjonen. Ynskjer ein å leige badevakt frå senteret, skal det avtalast i god tid på førehand.

Ved store grupper (t.d. skuleklassar) må ein vere fleire vaksne i bassenget. Vi støttar her Norges Svømmeforbund sine anbefalingar

Maksimalt tal personar i det store bassenget er 35 personar. Er ein meir enn dette, må ein leige to basseng.

Pris er pr. time i bassenget (60 min). Det er halv pris pr. påbegynte halvtime, og full pris etter 30 min.

Leige av eitt basseng:  kr.   750,-

Leige av to basseng:    kr. 1 500,-

Leige av badevakt:      kr.    350,-

Leigetakar har tilgang til garderobar 15 min før og etter bassengtida.

For meir informasjon, ta kontakt med oss på tlf. 57 73 71 00.