Idrettspedagog Marius og fysioterapeut Kjersti

«Viktigheita av eit rehabiliteringstilbod for barn etter kreftsjukdom»

På senteret har vi lang erfaring med rehabilitering etter kreftsjukdom. For nokre år sidan starta vi og opp med rehabilitering for barn etter kreftsjukdom. Det heile starta som eit pilotprosjekt for å undersøke behovet for eit tilbod til barn. Vår erfaring og tilbakemeldingane frå deltakarane viser at det er eit stort behov for rehabilitering for barn som har fått behandling for kreftsjukdom.

Det å få ei kreftdiangose og gjennomgå behandling er ei stor påkjenning, både for den det gjeld og familien rundt. Etter avslutta behandling vil ein kanskje forvente at helsa skal vere som før, men slik er det ofte ikkje. Mange vil oppleve seineffektar etter kreftsjukdom og behandling. Vi ser at mange av barna opplever fatique og konsentrasjonsvanskar i ettertid av behandlinga.

Vi har fokus på å førebygge seineffektar, gje meistringsopplevingar og legge til rette for at barnet skal få bruke sitt potensiale. Senterets omgjevnadar byr på ei rekke spanande og allsidige aktivitetar, både inne og ute. Vi nyttar natur og sjø som arena for meistring, blant anna gjennom kajakk- og kanoturar i nærområdet.

Viktigheita av eit slikt rehabiliteringstilbod blir svært tydeleg når familiane fortel oss om kva utbytte dei set igjen med. Fleire pårørande har gitt tilbakemelding om at det å sjå barnet ut av vante omgjevnadar har gjort dei meir merksame på kva utfordringar barnet har.

Når eit barn får kreft, råker det heile familien. Derfor er det viktig for oss å kunne tilby eit eige opplegg for pårørande med samtalegrupper og undervisningar i relevante tema. Vi ser at det kan vere av stor nytte å få møte andre pårørande i same situasjon.

Barneteamet ved RKHR