Etter behandling for prostatakreft opplever mange både fysiske endringar og nye tankar: Kva skjer no? Og korleis finn ein tilbake til ein kvardag som kjennest god?

I november 2025 tilbyr vi eit rehabiliteringsopphald for menn som har gjennomgått behandling for prostatakreft. Du blir del av ei mindre gruppe i eit trygt fellesskap, med støtte frå fagfolk og andre i liknande situasjon.

Kva får du?

Du får tett oppfølging frå eit tverrfagleg team med lang erfaring innan kreftrehabilitering. Fokus er å styrke kroppen, sortere tankane og finne retning vidare i livet.

Tilbodet omfattar blant anna:

  • Fysisk aktivitet, friluftsliv og individuell treningsrettleiing
  • Samtalegrupper for erfaringsutveksling
  • Undervisning om relevante tema, inkl. seineffekter etter kreftbehandling

Kvifor delta?

God rehabilitering gir deg tid og verktøy til å ta vare på helsa etter kreftbehandling. Her møter du både fagpersonar og andre som forstår kva du har vore gjennom. Du får hjelp til å finne tryggleik, meistring og ein ny kvardag du kan stå støtt i.

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Les meir om tilbodet her eller ta kontakt!

Praktisk informasjon

🧍‍♂️ Målgruppe: Menn som har gjennomgått behandling for prostatakreft
📅 Dato: 5.–26. november 2025
📍 Stad: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
📨 Søknad: Via fastlege eller sjukehuslege
📞 Kontakt: 57 73 71 00