Prostatakreft

Tilbodet er for deg som har vore gjennom behandling for prostatakreft. Her får du møte andre menn i liknande situasjon, på same tid som du får fysisk opptrening og fagleg rettleiing for vegen vidare.

Vårt mål er å hjelpe deg med å finne din plass igjen i kvardagen, med tryggheit og nye verktøy i verktøykassa. 

Haugland sett frå lufta. Foto
Foto: Jostein Vedvik

Vi tilbyr gruppeopphald for menn som har gjennomgått behandling for prostatakreft. Opphaldet er gruppebasert med opptil åtte deltakarar, og inngår i ei større gruppe på 18-20 pasientar.

Etter kreftbehandling kan det oppstå nye spørsmål og utfordringar. Kroppen har vore gjennom mykje og kvardagen kan kjennast annleis enn før. Vår erfaring er at rehabilitering etter kreftsjukdom kan være svært nyttig for vegen vidare.

Her møter du andre menn i liknande situasjon og får støtte, kunnskap og verktøy for vegen vidare. Målet er at du skal styrke både fysisk og psykisk helse, samt finne tilbake til ein aktiv kvardag heime, sosialt og eventuelt i arbeid.  

Dette får du hos oss 

  • Oppfølging av tverrfagleg team
  • Samtalegruppe og erfaringsutveksling med andre i liknande situasjon
  • Undervisning i aktuelle tema:
    • Fysisk aktivitet og seineffekter 
    • Kosthald og kreft 
    • Kreft og seksualitet 
    • Kognitiv og metakognitiv terapi 
    • Aktivitetsregulering
  • Bekkenbunnstrening
  • Gruppetrening med styrke, kondisjon, rørsle og avspenning 
  • Meistrings- og friluftsaktivitetar 

Kvifor velje oss?

Ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har vi mange års erfaring og spesifikk kunnskap om rehabilitering etter kreftsjukdom.

Erfaring og forsking viser at det tar tid å komme tilbake til kvardagen etter behandling. Hos oss møter du både fagfolk og medpasientar som forstår kva du har vore gjennom. Det å gi seg sjølv tid og strukturert støtte i etterkant av behandling, er ei god investering i framtida.

Gruppeopphald

17 mars

Vi tilbyr gruppeopphald for menn som har gjennomgått prostatakreftbehandling.

Praktisk informasjon

Til deg som har fått plass, er her eller har vore her.