Ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er det ledige sommarjobbar i 2024.
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstutisjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering.
Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.
Senteret er kjent for å vere ein kjekk stad for å tilbringe sommaren, og vi ser no etter sommarvikarar til kontor- og driftsavdelinga vår.
Vi søker sommarvikarar til:
Driftsavdelinga:
- Kjøkken
- Reinhald
Kvalifikasjonar:
Vi legg vekt på kompetanse og personlege eigenskapar ved tilsetting.
Hos oss får du:
- Relevant erfaring
- God opplæring og dyktige kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Varierte oppgåver
- Tilgang til fasilitetar som kajakk, badeland og treningssal
- Hjelp til å finne bustad
Søknadsfrist: 1. april 2024
Søknad merkast: Sommarjobb
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no