Her oppdaga Sigrid kva som bur i henne

På Haugland møtte Sigrid ein tverrfagleg stab, klar til å hjelpe henne med utfordringane knytt til Tinnitus. Dei fekk henne til å sjå hennar eigne ressursar med nye auge.

Då Sigrid skulle på rehabiliteringsopphald visste ho ikkje heilt kva ho gjekk til. Kom opphaldet til å hjelpe henne?

Ho tenkte likevel at ho skulle gripe moglegheita med ope sinn.

Såg ressursane, ikkje berre utfordringane

Den tverrfagleg staben var klare for å hjelpe Sigrid.

Den ressursorienterte tankegangen til dei tilsette snudde opp ned på korleis ho sjølv tenkte, fortel ho.

Dei tilsette fekk Sigrid til å sjå sine eigne ressursar, og ikkje berre dei utfordringane ho hadde.

Sigrid opplevde tankegangen og metodikken på Haugland som gjennomtenkt, og skjønte raskt at dette ville hjelpe.

Nyttig å få støtte og oppmuntring av andre

Under opphaldet fekk Sigrid møte andre menneske med liknande utfordringar.

Likepersonhjelpa står sterkt på Haugland. Å få støtte og oppmuntring av kvarandre kan vere ein viktig faktor i rehabiliteringa.

Festa auga på vegen vidare

Fokuset var ikkje på diagnose og sjukdomsforløp, men på vegen vidare.

Gjennom fysisk aktivitet og kognitiv terapi opparbeidde Sigrid seg verktøy for å handtere utfordringar knytt til sjukdommen.

Kunnskapen blir med heim

Sigrid fortel at ho har tatt lærdommen frå Haugland med seg til sin nye kvardag.

Livet går opp og ned, og ingen dagar er like. Likevel ser ho lyst på framtida, og ho klarar å balansere kvardagen betre no enn før.

Ho tek ein dag om gongen, og bruker verktøya frå Haugland.

Foto: Sigrid Støyva