Foto: Jostein Vedvik
Erfaring og forsking viser at det tar tid å byggje seg opp etter både kreftsjukdom og behandling. Gi deg sjølv denne tida med ein god start her på Haugland saman med andre menn som er i liknande situasjon. Det gir både støtte, kunnskap og verktøy for vegen vidare!
Heilt sidan Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter opna i 1992 har vi hatt tilbod om rehabilitering etter kreftsjukdom. Allereie i 1998 begynte vi å forske på rehabilitering for brystkreftopererte kvinner. Etter det har vi vidareutvikla tilbodet til å omfatte fleire ulike kreftdiagnosar.
I vinter hadde vi det første gruppeopphaldet for menn som har gjennomgått behandling for prostatakreft. Det siste gruppeopphaldet i år er frå 12. august til 2. september, og vi har nokre ledige plassar. Kanskje det er noko for deg eller nokon du kjenner? Søk med éin gong, så kan du sikre deg ein plass og ei god investering i framtida.

På rehabiliteringssenteret på Haugland legg vi til rette for aktivitetar, kvile og naturopplevingar mellom fjord og fjell. Du får intensiv oppfølging av eit tverrfagleg team med brei erfaring innan kreftrehabilitering.
Du har gjerne kjent at det oppstår nye utfordringar etter kreftbehandlinga? Kroppen har vore gjennom mykje og mange synest kvardagen blir annleis enn før. Målet med opphaldet her på Haugland er at du skal styrke både fysisk og psykisk helse, og at du finn tilbake til ein aktiv kvardag heime, sosialt og eventuelt i arbeid.
Du finn meir informasjon om tilbodet her:
Rehabiliteringsopphald etter prostatakreft
