På Haugland fann Gunvor mot til å utfordre seg sjølv

Gunvor skulle i alle fall ikkje klatre då ho kom til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Og ingen kunne få henne i ein kajakk, det var i alle fall sikkert.

Frå å ikkje ville klatre, til å elske klatreveggen. I denne artikkelen fortel Gunvor om endringa ho har vore gjennom. Foto: Privat.

Då Gunvor kom til Haugland var ho langt nede grunna ryggproblem, PTSD og depresjon. Ho var på veg ut av arbeidslivet for fullt.

Etter to opphald arbeider ho som klatreinstruktør, har klatra Via Ferrata, tatt våttkort, og held foredrag om si eiga reise til inspirasjon for andre.

Kva skjedde?

Gjekk på ein smell

I 2015 svikta ryggen til Gunvor, og ho vart 50 % ufør. Ho haldt fram i halv stilling i jobben ho var så glad i.

På eit tidspunkt vart ho sjukemeld og kjende seg langt nede.

«Eg gjekk på ein smell utan å skjøne det. Ryggproblema hadde eg på eit vis lært meg å leve med, men den psykiske biten var tøff. Legen min søkte meg inn på Haugland, der ho visste at de er flinke til å sjå heile mennesket», fortel Gunvor.

Inn i «Hauglands-bobla»

Gunvor grua seg til opphaldet. Då det nærma seg ville ho helst avlyse.

«Eg var veldig stressa før eg kom. På den tida hadde eg få andre mål enn å prøve å komme meg litt ovenpå».

Heldigvis bestemte ho seg for å gi senteret ein sjanse, og med hjelp frå familien kom ho seg til den grøne bukta ved fjorden.

Eg kjende på meistringskjensla. Og eg kjende kor verda forsvann.

«Eg merka fort korleis skuldrane sank. Det var noko med atmosfæren, plassen og det å kome bort frå krav og plikter i kvardagen. Eg kom inn i ei utruleg god boble, Hauglands-bobla, og begynte å kjenne meg som meg sjølv igjen», fortel Gunvor.

På Haugland møtte ho ein god gjeng med andre pasientar, som hadde liknande erfaringar. Og ho møtte eit team som såg henne på dei riktige måtane.

Starten på ei endring

Gunvor vart henvist for muskel- og skjelettlidingar. På eit opphald med spesialisert rehabilitering for muskel- og skjelettlidingar, legg vi vekt på lære pasientane meistringsstrategiar og å dosere aktivitet og sosial deltaking og/eller arbeidsdeltaking.

Vi kan også bidra med å avklare medisinske problemstillingar som hindrar deg i å delta der du ønsker.

Positive opplevingar av fysisk aktivitet er blant dei viktigaste verktya våre. Under opphaldet startar vi ein prosess, som skal halde fram når pasienten kjem heim.

«Det kan jo gå bra»

Gunvor fekk verkeleg smaken på meistringskjensla.

På Haugland møtte ho eit tverrfagleg team som var dyktige i å gi pasientar innsikt i eiga tilstand, og i å utfordre på riktig måte. Teamet brukar ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming.

Gunvor forklarer det slik:

«Eg var ikkje flink til å utfordre meg sjølv og kan nok vere ei hard nøtt til tider. Eg var fast bestemt på at eg ikkje ville ta risiko for ryggen med å prøve klatring. Også kajakken frykta eg. Dette er ikkje noko for meg og ryggen min, tenkte eg.»

Teamet ville det annleis. Dei utfordra henne forsiktig. Kom ho med innvendingar møtte ho stadig eit anna alternativ: «Det kan jo fort gå bra.»

Javel, så lot Gunvor seg overtale.

Ho prøvde seg i klatreveggen med overheng. Då skjedde det noko med henne.

«Eg kjende på meistringskjensla. Og eg kjende kor verda forsvann. Eg hadde berre ein ting å konsentrere meg om, og det var neste grep for hender og føter. Eg gleda meg til vi skulle klatre igjen.»

Begynte å utfordre seg sjølv

Gunvor var framleis skeptisk då ho såg at det stod «kajakk» på timeplanen. Ho tenkte på alt som kunne gå gale: At kajakken kunne velte. At det skulle komme ein båt og lage store bølger.

«Vi var to stykk som var like redde. Men vi bestemte oss i lag: Før vi reiser skulle vi padle rundt holmen nedanfor senteret.»

Teamet var gode til å så nokre frø, og utfordre oss utan å pushe for hardt.

«Dette bilete syner den største endringa min etter oppholda; det å utfordre meg sjølv. Eg gjekk Via Ferrata i forfjor, var nede etter 10 timar og har aldri nokonsinne vore så sliten som eg var etterpå – og meistringskjensla var ubetaleleg!» fortel Gunvor. Foto: Privat

Ute på fjorden la gruppa kajakkane side om side til ein flåte. Teamleiaren utfordra Gunvor til å reise seg, slik at ho stod oppreist i kajakken.

Gunvor tok sjansen og reiste seg opp.

«Etter det vart eg den stjerneeleven. Eg for av garde og fekk beskjed om at eg måtte vente på dei andre og padle nærmare land. Det var jo så gøy!» ler ho.

Gruppa padla til Pollaneset nokre kilometer nord for senteret. Dei hadde ein magisk dag på fjorden.

Inne på land bestemte Gunvor seg for å ta endå eit steg: Ho ville prøve å velte i kajakk i bassenget. Som sagt så gjort, og ho var ute på eit blunk.

Måtte sjølv ta steget

«Eg kjende enorm meistring på nye områder. Eg var frå før glad i tur og friluft, men ikkje i trening og den typen aktivitet som klatring og kajakk».

Gunvor meiner balansen mellom å utfordre og gi pasienten ansvar for sin eigen situasjon var nøkkelen på Haugland.

«Teamet var gode til å så nokre frø, og utfordre oss utan å pushe for hardt. Du blir gitt fridom til å velje og du må sjølv utfordre hjartebanken, med god støtte».

Tok med seg lærdomen heim

Slik vart klatring og padling ein del av Gunvors historie.

Då ho kom heim, måtte ho utfordre seg sjølv på ny. Ho fortel at ho grua seg for overgangen til kvardagen. Då avreisa nærma seg kjende ho bekymringane tårne seg opp.

«Då såg igjen teamet og særleg teamleiar Inge meg på rett tidspunkt. Saman la vi ein ny plan i riktig tempo for meg. Eg følte meg sett på det som var vanskeleg, og fekk tru på at eg kunne finne løysingar på det som venta meg heime.»

Ho reiste heim med eit tydeleg mål.

«Eg tok meg sjølv i nakken og oppsøkte klatrehallen, fast bestemt på å bli ein del av miljøet der. Dei første gongane gjekk eg inn med høge skuldre, men ut att gjekk eg med ryggen rak og hovudet heva», fortel Gunvor.

Og sjølv om dørterskelen av og til var høg, haldt ho fram med å gå dit.

«Å kjenne meistring er utruleg viktig for alle, og særleg når du slit. Det ville eg halde fram med.»

Raskt kom ho inn i miljøet og tok brattkort. Der vart ho også kjend med nokon som padla, og snart tok ho også våttkort i skikkeleg ruskever.

Men Gunvor skulle gjennom endå nokre tak før ho fann sin veg.

Fast bestemt på å ikkje jobbe

For sjølv om Gunvor blomstra i klatrehallen, var arbeidslivet framleis ei utfordring. Ho reiste tilbake til Haugland, denne gongen for å delta på arbeidsretta rehabilitering.

Målet for arbeidsretta rehabilitering er å bidra til betre helse og arbeidsevne, og betre jobbmeistring og livskvalitet.

Døgnbasert arbeidsretta rehabilitering er eit av tenestetilboda som har synt seg å hjelpe langtidssjukemelde tilbake i jobb.

Les meir om forskinga som syner den gode effekten hos Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.

Såg nye moglegheiter

Gunvor returnerte i betre form enn sist, men denne gongen overtydd om at ho ikkje ville klare å jobbe igjen. «Klarer eg ikkje den jobben eg elskar, så klarer eg vel ingen andre jobbar heller», tenkte ho.

Opphalda på Haugland og det å lære å utfordre meg sjølv, har betydd så mykje for meg.

«Og her er eg som ingen kom til å få opp i ein kajakk, og som var livredd for at ein båt skulle kome og lage bølger», fortel Gunvor. Foto: Privat.

Men nok ein gong vart ho utfordra. På arbeidsretta rehabilitering fekk Gunvor oppfølging av eit team med blant andre arbeidskonsulent, som også hadde dialog med Nav. Dei utforska ulike moglegheiter. Kor mykje kunne Gunvor jobbe? Og kva med å sjå seg rundt etter andre jobbar?

Nok eit frø blei sådd under opphaldet, og prosessen med å finne alternativ som kunne fungere for Gunvor var i gang.

Og snart dukka draumejobben opp:

No jobbar Gunvor deltid i klatrehallen, som klatrevakt og klatreinstruktør for blant anna klatregruppa «Psykt aktiv» Der får ho kombinere arbeid med psykisk helse og klatring. Tilbodet er ei gratis klatregruppe for personar som slit psykisk.

Gunvor har vore open om si historie. Ho har blitt intervjua i lokalavisa og haldt foredrag på Blå Kors.

«Opphalda på Haugland og det å lære å utfordre meg sjølv, har betydd så mykje for meg. Eg håper eg kan inspirere andre til å tore å prøve noko nytt.»