Ledig stilling: Reinhaldsleiar og reinhaldarar

Vi styrker reinhaldsavdelinga med fleire stillingar. No søker vi deg som er oppteken av kvalitet og vil ha ein meiningsfylt jobb.

Vil du vere med å vidareutvikle ein av nøkkelfunksjonane ved vestlandets største private rehabiliteringssenter, har vi no desse stillingane ledig:

  • Leiar for reinhaldsavdelinga, 100 % fast stilling frå snarast
  • Reinhaldar, 100 % fast stilling frå 1. juli 2024
  • Reinhaldar, 50 % fast stilling frå 1. juli 2024

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter gjev  tilbod til pasientar med behov for intensiv tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.

Som ein helseinstitusjon er reinhaldsarbeid av høg kvalitet heilt avgjerande for oss.

Nyleg utvida vi fasilitetane med ti nye pasientrom og ny moderne reinhaldssentral i lyse og fine lokaler, med fjorden som næraste nabo.

Vi tilbyr:

  • Ny moderne reinhaldssentral i lyse og fine lokaler
  • Varierte oppgåver i fine omgjevnader
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode velferds-, lønn- og pensjonsordningar
  • Tilgang til fasilitetar som basseng, kajakk og kano

Vi ser etter deg som:

  • Er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Tek ansvar og er sjølvstendig
  • Er oppteken av å gjere godt arbeid
  • Samarbeider godt med andre

Om stillinga som reinhaldsleiar:

Frå 01.04.24 har vi ledig 100 % fast stilling som reinhaldsleiar.

Reinhaldsleiar speler ei viktig rolle på senteret. Du er ansvarleg for den daglege drifta av reinhaldsavdelinga vår og leier reinhaldsteamet.

Som reinhaldsleiar er du ein av tre leiarar i driftsavdelinga (reinhald, kjøkken og teknisk/IT). Alle rapporterer til driftsleiar.

Til denne stillinga ser vi etter deg som har interesse for reinhaldsfaget og lyst til å bidra til god kvalitet på reinhaldstenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for dagleg drift av reinhaldsavdelinga
  • Fordeling av daglege arbeidsoppgåver mellom tilsette ved avdelinga
  • Dagleg reinhald av pasientrom og fellesareal utført etter NS Insta 800
  • Periodisk reinhald og hovudreinhald
  • Arbeidsoppgåver knytt til eige vaskeri
  • Ansvar for å bestille forbruksmateriell

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev innan reinhald. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • God norskkunnskap både munnleg og skriftleg
  • Elementær datakunnskap
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Det vert stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonellova § 20a.

Om stillingane som reinhaldar:

Frå 01.07.24 har vi ledig ei 100 % og ei 50 % fast stilling som reinhaldar.

Som reinhaldar er du ein del av reinhaldsavdelinga som utfører det daglege reinhaldet ved senteret.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg reinhald av pasientrom og fellesareal utført etter NS Insta 800
  • Periodisk reinhald og hovudreinhald
  • Arbeidsoppgåver knytt til eige vaskeri
  • Bruk av reinhaldsmaskiner

Kvalifikasjonar:

  • God norskkunnskap både munnleg og skriftleg.
  • Elementær datakunnskap
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering.

Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

Senteret gjev tilbod om rehabilitering av pasientar. Ca. 1300 pasientar bur på senteret i løpet av eit år. 

Søknadsfrist: 8. april 2024

Oppstart:

  • Snarast for stilling som reinhaldsleiar
  • 01.07.2024 for reinhaldar i 100 %
  • 01.07.2024 for reinhaldar i 50 %

Kontaktperson:

Driftsleiar Elin Håland
Tlf. 577 37 177/ 913 57 625
E-post: elin.haaland@rkhr.no

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til:

ledigstilling@rkhr.no

Merk søknaden med:

Reinhaldsleiar eller reinhaldar