Om stillingane
Vi har to ledige stillingar som badevakt. Jobben inngår i turnus med arbeid annakvar helg.
Stillingane er i første omgang midlertidige ut 2024, men det kan bli moglegheiter for fast stilling frå 2025.
Som badevakt har du ansvar for tryggleiken til badegjestane. I tillegg er det praktiske oppgåver, billettsal og varesal i kiosk. Du skal yte god service og vere imøtekommande overfor gjestane.
Badevakter må vere trygge i vatn og må gjennomføre teoretisk og praktisk livredningsprøve kvart år. Ein må beherske norsk og engelsk munnleg.
Til den eine stillinga har vi krav om at du er fylt 16 år og til den andre 18 år.
Det er ein fordel å ha badevakter av begge kjønn, noko som kan bli vektlagt ved tilsetting.
Søknadsfrist:
Søknadfrist:
8. april 2024
Søknad merkast:
Badevakt
Kontaktperson:
Kontorleiar Ragnhild Follevåg
Tlf. 99 51 47 82
E-post: ragnhild.follevaag@rkhr.no
Søknad sendast til:
ledigstilling@rkhr.no