Om stillinga
Vi har ledig stilling som sjukepleiar ved senteret.
Stillinga er eit vikariat i 80 % frå snarast til 31.12.2024.
Stillinga passer for deg som har eit ressursorientert fokus og som er interessert i å arbeide med tverrfagleg rehabilitering.
Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet vil omfatte direkte pasientkontakt, individuelle samtaler og oppfølging, i tillegg til tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper.
Kvalifikasjoner:
- Søkjar må ha norsk autorisasjon (oft. godkjent) som sjukepleiar eller vernepleiar
- Det er ein fordel om du har kompetanse eller erfaring innan rehabilitering og/eller psykiatri
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskaper:
Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevne og evne til å arbeide tverrfagleg.
Personleg eignaheit vert vektlagt, kravd om plettfri vandel, jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Vi tilbyr:
- Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Senteret er stengt jul/nyttår
- Gode velferds- pensjons- og forsikringsordningar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.
Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Det er kring 1100 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år. Som tilsett hjå oss er du del av eit breitt tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement.
Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er sam-lokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen United World College og elevane representerer eit stort mangfald på campus. Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa, og som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både inne og ute.
Søknadsfrist: 8. april 2024
Oppstart:
Snarast
Kontaktperson:
Leiande sjukepleiar Ellen Eiken
Telefon: 577 37 121
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til:
ledigstilling@rkhr.no
Søknad merkast:
Vikariat sjukepleie