Om stillinga
Vi søker helgeassistent til sjukepleieavdelinga.
Vi har eit ledig vikariat som assistent i sjukepleieavdelinga. Assistenten jobbar kvar fjerde helg.
Vikariatet varer frå 01.06.24 til 31.12.24 i todelt turnus, med både dag- og kveldsvakter.
Arbeidsoppgåver:
Jobben består mellom anna i å bistå ved stell og måltid og følge til og delta i pasientaktivitet. Du jobbar tett saman med sjukepleiar, men må òg ha evne til sjølvstendig arbeid.
Kvalifikasjonar/ personlege eigenskapar:
- Liker å arbeide med mennesker og gjerne har erfaring frå liknande arbeid
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Vi tilbyr:
- Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- God forsikringsordning
- Gode velferdsordningar
- Løn etter regulativ
Søknadsfrist: 8. april 2024
Oppstart: 01.06.2024 eller etter avtale
Søknad merkast: «Assistent»
Kontaktperson:
Ynskjer du meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiande sjukepleiar Ellen Eiken på tlf 57 73 71 00 eller epost: ellen.eiken@rkhr.no.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
v/ Ellen Eiken, Hauglandsvegen 308, 6968 FLEKKE
eller til: ledigstilling@rkhr.no