Chris klatrar med Parkinson: «Finn ein aktivitet som motiverer deg»

Som livslang klatrar har Chris vore den første til å meistre utfordrande klatreruter. Då han fekk Parkinson var det uaktuelt å legge lidenskapen på hylla. På Haugland møtte han andre med same diagnose.

Sidan han var gutunge i Sheffield, England, har han klatra i alt han kan finne grep i: tre, steinar, klatreveggar og fjellveggar.

«Klatring har alltid vore ein stor del av livet mitt. Med tynne anklar og handledd var eg fødd til å klatre,» seier ham med glimt i auget.

To gongar har Chris delteke på gruppeopphald for personar med Parkinson på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Senteret bruker tilpassa fysisk aktivitet og meistringsopplevingar som verkemiddel i rehabiliteringa. Chris veit mykje om korleis aktivitet og meistring heng saman. Målet med opphaldet var å jobbe meir på lag med kroppen.

«Eg får ein del småskadar av å klatre. Gevinsten er likevel så stor at legen rår meg til å halde fram. På Haugland kunne eg teste ulike aktivitetar og finne ut kva eg liker og ikkje, bygge styrke og jobbe med gode vaner for oppvarming», fortel Chris.

Lang erfaring med Parkinson-tilbod

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har lang erfaring med gruppeopphald ved Parkinson sjukdom.

Her er ein god arena for å møte andre med same diagnose, samstundes som du får fagleg rettleiing og oppfølging: Kva trening er smart når du har fått Parkinson? Korleis kan du forhalde deg når kroppen ikkje lenger vil samarbeide?

I undervisninga kjem vi òg inn på kognitiv terapi, eit nyttig verktøy for å sjå på kva du tenkjer om det som skjer med deg og kroppen din.

Skjelvinga avtok, eg tenkte ikkje lenger på problema med å styre handa og eg vart raskt betre i spelet.

VR-effekt overraska Chris

«Første gong eg var på opphald sa eg meir nei til å prøve ting. Denne gongen var eg meir open. Eg syns det er viktig å teste ut kva ein liker og ikkje», fortel Chris.

Han har tidlegare erfart at dansing ikkje er for han. VR-spel, derimot, skulle syne seg å vere overraskande interessant for den garva klatraren.

VR, altså virtual reality, er eit dataspel der deltakaren tek på seg VR-briller og er aktiv i eit virtuelt landskap.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har delteke i ein forskingsstudie om VR i arbeidsretta rehabilitering. Resultata frå studien er venta å kome i laupet av 2024, og vil gi meir kunnskap om effekten av VR-trening i rehabilitering.

Mange pasientar fortel at dei opplever å få god effekt, og Chris er definitivt ein av dei.

«Eg var veldig overraska. Til vanleg har eg ikkje kontroll over venstrehanda. Men i det eg tok på meg brillene og begynte å spele musikkspelet Beat Saber, kunne eg styre handa igjen. Skjelvinga avtok, eg tenkte ikkje lenger på problema med å styre handa og eg vart raskt betre i spelet. Det var moro,» fortel Chris.

Etter opphaldet kjøpte han seg utstyr til å spele VR heime.

«Sjølv om eg berre opplever denne effekten medan eg speler, så er det noko eg kan gjere for å få ein pause, trene og vere fokusert», seier Chris.

Viktigare å prøve enn å klare

Å møte andre som har Parkinson og utveksle erfaringar var også nyttig.

«Livet er ikkje over sjølv om ein får Parkinson. Det blir meir utfordrande, ja. Men det er mogleg å finne løysingar og tilpasse. Til dømes kan ein biverknad frå medisinane vere at ein søv dårleg og blir rastlaus. Eg har brukt rastløysa til å lage nettside, skrive, jobbe, mekke bil og motorsykkel og klatre», fortel Chris.

Han meiner det er viktig å tore å prøve nye aktivitetar.

«Eg syns det er viktig å prøve ting ordentleg, sjølv om du kanskje gjer det på eit anna nivå enn du kunne før du vart sjuk. Begynn på ekte golf, ikkje minigolf. Eg prøver meg på dei same klatreproblema som venene mine, opp til eit visst nivå. Det viktige for meg er å prøve, ikkje å klare alt,» seier han.

Kan eg inspirere eller hjelpe nokon med å dele så syns eg det er fint.

Snart kjem dokumentaren om Chris

Klatringa vart kanskje meir krevjande då han fekk Parkinson for ni år sidan, men ikkje mindre viktig.

«Eg har opplevd at folk ser rart på meg når eg kjem inn på klatresenter. Dei ser symptoma på sjukdommen og spør seg kanskje om kvifor eg er der. Når eg begynner å klatre, blir dei overraska,» fortel Chris.

Chris har vore fysikklærar ved United World College i 30 år, naboen til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Ved sidan av lidenskapen for klatring, har han ei sterk formidlingsglede.

Etter at han fekk Parkinson-diagnosen har han synt kva diagnosen inneber for han. Han deler i sosiale medier, bloggar for UK Climbing, og denne våren kjem også dokumentaren «The Parkinson Project», der dokumentarfilmskaparen følger Chris i kvardagen og mellom anna på opphald på Haugland.

Dokumentaren er sponsa av privatpersonar og lokalt næringsliv, inkludert Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

«Kan eg inspirere eller hjelpe nokon med å dele om min kvardag med Parkinson, så syns eg det er fint. Eg vil bidra til openheit».