Kurs

Kurs i Aktivitetskalender

25. og 26.oktober vert det arrangert kurs i Aktivitetskalkulator ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringsenter.

Aktivitetskalkulator er ein reiskap for ergoterapeutar som jobbar med mennesker som av ulike årsaker strevar med å finne ein god balanse mellom aktivitet og kvile i kvardagen. Reiskapen er flittig brukt i Nederland, der det vart utvikla for 10 år sidan. Dei har god erfaring med at det er til hjelp for menneske som for eksempel har fatigue, nevrologisk lidelse eller kroniske smerter.

Kurset er for ergoterapeutar.

Meir informasjon finn du her:
Invitasjon til kurs oktober 2018

Konferanse om uterehabilitering

13. og14.september 2018 vert den 2. nasjonale konferansen om UTErehabilitering arrangert ved Valnesfjord Helsesportssenter i Nordland. Konferansen er eit samarbeid mellom Sørlandets sykehus, Kongsgård og Sørlandets rehabiliteringssenter, Sunnaas sykehus, Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter og Valnesfjord Helsesportssenter.

Målgruppa er først og fremst helsepersonell innan kommune- og spesialisthelseteneste, og forskarar med interesse for å bruke naturen i rehabilitering.

Du finn meir informasjon om konferansen her.

Vidareutdanning i kognitiv terapi

Haugland Rehabiliteringssenter har i fleire år arrangert vidareutdanning i Kognitiv Terapi trinn 1 i samarbeid med Norsk Forening for Kognitiv Terapi. Kurset er for fagpersonar med 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning.

Vidareutdanninga går over to semester, og er på til saman 80 timar. Hovudfokus er på tilnærming til angst- og depresjonsproblematikk.

Ta kontakt ved interesse.

Hauglandkurset

Vi har i fleire år arrangert kurs og vidareutdanning for helsepersonell. Mest kjent er Hauglandskurset til etter- og vidareutdanning for legar.

Hausten 2014 var konferansen “Lyden av mennesket” planlagt på Haugland i staden for ordinært Hauglandskurs. Konferansen vart gjennomført i februar 2015.

Hauglandskurset 2013 – “Helsesport og tilpassa fysisk aktivitet i habilitering og rehabilitering”

Hauglandskurset 2012 – ”Metakognitiv terapi. Presentasjon av terapiform i forhold til samansette lidingar og kreftoverlevarar. Korleis skil det seg frå konvensjonell kognitiv terapi?”

Hauglandskurset 2011 – ”Kognitiv og metakognitiv terapi – hvordan gjør vi det?”

Hauglandskurset 2010 – ”Pasientforløp i ein kognitiv modell”

Hauglandskurset 2009 – ”Når plager blir sjukdom”

Kursa er godkjent for ulike spesialitetar av Den Norske Legeforening, og har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Samlingane går over to dagar, med felles middag om kvelden.

For meir informasjon om kurs, kontakt Kontorleiar tlf. 57 73 71 00.