Ankomstdag

Når du kjem til oss første dag henvender du deg i resepsjonen vår. Her vil du bli tatt imot, få tildelt rom og få nødvendig praktisk informasjon.

Det er ankomst heile dagen, men dersom du ikkje klarer å komme før kl 16.00 er det fint om du gjev oss beskjed på tlf. 57 73 71 00. Klokka 18.00 er det informasjonsmøte for alle nye pasientar.

Pasientane våre er delt inn i tre grupper; rød, grøn og gul. Du får tildelt ein fagperson på gruppa som din koordinator. Ved ankomst får du namneskilt som du vert oppmoda til å bruke under opphaldet, skiltet er merka med farge etter gruppa du tilhøyrar.

Dei første dagane går med til å verte kjend med senteret, ha samtaler med fagstab og få utarbeida timeplan. Det kan verte noko venting desse dagane, men etter kvart vil du komme godt inn i programmet. Bruk gjerne ventetida til å gjere deg meir kjend med senteret og området rundt.

Nye folk og omgjevnader kan vere både spennande og utfordrande. Vi skal gjere vårt beste for at du kjenner deg godt ivaretatt og får ein god start på rehabiliteringsopphaldet.

Vi ønsker deg velkomen til oss!