For pappa Håvard var det fint å sjå Petrine (9) finne meistring etter sjukdommen

Då Petrine var fire år fekk ho kreft og måtte ha tøff behandling. «På Haugland fekk vi bearbeida inntrykka, både små og store», fortel Håvard.

Då familien kom på gruppeopphald for barn og ungdom på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, hadde Petrine vore friskmeld i to år.

Ho var berre fire år då ho vart sjuk med kreft. I sjukdomsperioden gjekk ho glipp av mykje tid med jamaldrande og opplevde tøffe tak.

«Vi hadde mykje å arbeide oss gjennom begge to. Det skjer mykje psykisk i eit slikt løp. Det er ikkje lett å setje ord på det ein har opplevd, særleg for barn. Vi reiste til Haugland med mål om at Petrine skulle få bearbeide det ho tenkte på, snakke om ting og vere saman med andre i same situasjon», fortel Håvard.

I tillegg ønskte han som forelder å få verktøy til å støtte Petrine.

Til topps i klatreveggen

Målet vårt er at barn og ungdom som har vore behandla for alvorleg sjukdom eller har ei funksjonsnedsetting, skal oppleve meistring og motivasjon. Vi bruker mykje tid på tilpassa fysisk aktivitet.

«Kan du ikkje fortelle om kajakken?» spør Håvard.

Petrine lyser opp:

«Ja, eg padla langt ut på sjøen åleine og raskare enn pappa!», fortel ho.

Håvard utdjupar:

«Petrine hadde gleda seg og var heilt klar for å padle i kajakk. Men då vi kom til strandkanten sa det heilt stopp: Vi oppdaga at ho skulle vere i kajakk åleine, og ikkje i ein dobbelkajakk med meg, slik vi trudde. Det var litt skummelt. Men fagpersonane trygga oss. Dei gjekk ut i vatnet med kajakken, og støtta Petrine slik at ho torde å prøve».

Når det går bra og ho får lyst til å prøve igjen, då ser du i heile uttrykket at ho er glad for at ho torde.

«Eg vart litt våt!» seier Petrine.

«Ja, og eg vart veldig stolt då du padla heilt åleine».

Ei liknande erfaring hadde dei i klatreveggen.

«Første dagen vi prøvde klarte eg ikkje å komme opp til toppen. Eg vart redd og ville ned. Men neste dag vi prøvde klatra eg heilt opp og ringde i bjella. Pappa gjorde det òg, men han er høgare enn meg så det er lettare for han», fortel Petrine.

«Det var rørande på ein måte, å sjå Petrine strekke seg ekstra for å tore å padle og klatre. Når det går bra og ho får lyst til å gjere det igjen, då ser du i heile uttrykket at ho er glad for at ho torde. Du blir stolt av barnet ditt, glad for at dei klarer det», seier Håvard.

Å møte andre som forstår

Petrine fortel at det var kjekt å bli kjent med dei andre i gruppa.

«Det var gøy å vere saman med dei andre. Vi spelte videospel i huset, åt saman og leika med lego i matsalen», fortel ho.

Barna møtte både tillit og forventningar. Det overraska meg i kor stor grad dei gjekk ut av komfortsona.

Nokre gonger kjem paraidretten på besøk til senteret. Petrine spelte bordtennis med verdsmeister Tommy Urhaug.

Håvard syntest det var fint å sjå korleis dottera fann saman med og hadde medkjensle for dei andre barna.

«Noko eg tok med meg heim er at det er fleire måtar å handsame opplevingane vi har hatt på. Det tette og rause møtet med teamet på Haugland gjorde at vi følte oss heime og trygge fort. Barna fekk tillit og forventningar, og eg vart overraska over i kor stor grad dei gjekk ut av komfortsona si.»

Det er viktig å ta omsyn til både det fysiske og det psykiske i ei barne- og ungdomsgruppe, og det synast Håvard vart teke godt i vare på Haugland.

Han peiker på at samtalar ikkje er den einaste måten å bearbeide tøffe opplevingar på.

«Eg opplevde at barna først og fremst bearbeida opplevingane sine saman i aktivitet. Den måten å møte dei på fungerte godt. Under opphaldet såg eg korleis Petrine fann ei ro vi ikkje har sett på ei stund», fortel han.

Eg forstod etter kvart at den tilpassa aktiviteten og interaksjonen med dei andre var ein konkret metode, som kan vere til stor hjelp både fysisk og psykisk.

Barne- og ungdomsgruppa har kjekke aktivitetar ute og inne, frå klatring og bading, til utflukt med bål.

Som forelder var det også godt å kjenne seg att i andre.

«Ofte veit ikkje andre kva dei skal sei til deg som har hatt eit barn som har vore sjukt. Men det er ikkje alltid slik at ein treng seie så mykje. Du vil kanskje berre vite at folk bryr seg. Med andre som har vore gjennom det kan ein kan vere saman og møte stor forståing, utan å forklare så mykje. Ikkje alle er klare for å snakke om det dei har opplevd, men ein kan kjenne seg att og oppleve samhaldet.»

Aktivitet og samspel som metode

Petrine er kreativ. I ledige stunder stakk ho ofte innom Snikkarbua og hobbyrommet på Haugland, der det finst utstyr for å kreativt arbeid.

«Eg laga for eksempel ei fin batikkskjorte i Snikkarbua», fortel ho.

Petrine løftar fram at det var gøy å spele bordtennis med verdsmeister Tommy Urhaug og prøve VR-spel.

«Og så var det gøy å bade. Eg svømte på djupet», seier ho.

Familien fekk oppfølging av eit tverrfagleg team, der ergoterapeut, fysioterapeut, idrettspedagog, lege, sosionom, ernæringsfysiolog, sjukepleiar, logoped og miljøarbeidar er med ved behov.

«Eg forstod etter kvart at den tilpassa aktiviteten og interaksjonen med dei andre, var ein konkret metode. Metoden kan vere til stor hjelp for å handtere det fysiske og psykiske», seier Håvard.

Familien fekk henvisning til Haugland gjennom Haukeland sjukehus der dei går til oppfølging.

Håvard fekk dekt tapt arbeidsinntekt av Nav, slik foreldre har rett på når dei skal følge barn på opphald.