Rehabiliteringa vart eit vendepunkt for Monica: «Eg må sei deg – det funkar»

Monica bestemte seg tidleg for at rehabiliteringsopphaldet skulle bli eit vendepunkt. Og det vart det – for både sjølvkjensle og kropp.

Då Monica kom til Haugland på rehabiliteringsopphald var ho sterkt prega av langvarig sjukdom.

Eit år tilbake hadde ho fått stadfesta Addison sjukdom, som kjem gradvis.

Ho hadde vore 100 % sjukemeldt ein periode, som innebar mykje medisin, stillesitting og lite gjennomtenkt kosthald. Monica opplevde vektauke og mistreivst. Ho kjende seg nedkjørt, både fysisk og psykisk. Det var bakgrunnen for ho vart tilvist til opphald på Haugland Rehabiliteringssenter.

Fann den gode rytmen

«Eg var supermotivert då eg kom til Haugland. Eg var klar for endring og eg gledde meg til å komme i gong» fortel Monica.

Den første tida brukte ho mykje aleine og saman med den tverrfaglege staben. Dagane bestod av rutinar, måltider, planlagde aktiviteter og individuelle tilretteleggingar for eigne behov

«Eg var kjempeivrig og ville gjere alt på ein gong, men flinke folk fekk meg raskt ned på jorda» fortel Monica,

I samråd med legen og koordinator begynte ho forsiktig å trene. Det varierte og sunne mattilbodet på senteret gjorde det lett å komme i gong med nytt kosthaldsregime.

«Opphaldet på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter vart eit vendepunkt for meg.»

Etter kvart kom Monica inn i ein god rytme og fekk meir energi for kvar dag som gjekk.

Fekk hjelp til å jobbe med dårleg sjølvkjensle

På timeplanen stod også kognitiv terapi og kosthaldsrettleiing.

Særleg kognitiv terapi var essensielt, fortel Monica.

Kronisk sjukdom i lang tid hadde gitt sjølvkjensla ein real knekk.

«Her må eg få sei at menneska som jobbar på Haugland ikkje er vanlege folk. Dei er relasjonelle, nære og hjartegode. Profesjonelle, flinke folk som ser menneska der dei er,» seier Monica.

Undervisninga kombinerte teori og praktiske dømer som var lette å relatere seg til.

«For meg var ein overraskande stor del av utbyttet knytt til desse øktene, både undervegs og i ettertid,» fortel ho.

Kor mykje får du og kor mykje tappar det deg?

Frå rehabiliteringsopphaldet tar Monica med seg mange nye lærdommar.

Spesielt ein ting som legen ved senteret sa har blitt med heim: «Eg høyrer du seier det gir deg mykje – men kor mykje tapper det deg i andre enden?».

I ettertid stiller ho seg sjølv dette spørsmålet før ho stuper inn i noko – for å ta litt betre vare på seg sjølv.

Opphaldet vart eit vendepunkt

Etter at Monica har kome heim, ser ho tilbake på opphaldet som eit vendepunkt.

Ho bestemte seg raskt for at opphaldet skulle få ei større betydning i livet hennar. Dei kognitive strategiane bruker ho aktivt, og det gjer at dei gamle mønstra ikkje får feste seg igjen. Då blir det lettare å etablere nye, meir nyttige tankemønstre.

«Eg må sei deg – det funkar. Sjå på meg: Eg er regulert på medisin, eg trener som før i tida, eg arbeider 100 % og eg har tatt av 30 kg sidan eg kom til Hauglandsenteret. Eg har ei helse no som tillèt meg å gjere det eg vil i livet. Framtida ser lys ut!», seier Monica.

Frå ein av mange fjellturar i år!