Elisabeth fekk nye verktøy: «Vi har lært å hjelpe oss sjølv»

Då Elisabeth utfordra seg sjølv til å prøve kajakk, fekk ho kjenne på meistringskjensla.

Elisabeth vart glad då ho fekk vite om Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter sitt gruppeopphald for vaksne med den sjeldne sjukdommen Multiple Osteokondromer (MO).

«Eg har venta på dette i mange år,» fortel ho smilande.

MO er ein sjeldan, arvelig sjukdom der ein utviklar beinutvekstar i skjelettet. Sjukdommen byr på ei rekke utfordringar- Elisabeth har vore igjennom mange operasjonar, og det har vore tøft.

Naturen gir moglegheiter

«Naturen og omgjevnadane ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter legg til rette for svært mange aktivitetar,» fortel Elisabeth om opphaldet.

Ho sykla turar, prøvde simulatorskyting og padla i kajakk.

Kajakkpadlinga skildrar Elisabeth som ei «ut av seg sjølv»-oppleving. Ho var skeptisk til kajakken, men etter oppmuntring og støtte frå fysioterapeuten vart ho med.

Ho sat att med ei enorm meistringskjensle.

Kognitiv terapi vart eit viktig verktøy

Elisabeth trekk fram gruppeundervisning for MO-gruppa og kognitiv terapi som noko av det beste ved rehabiliteringsopphaldet.

«Vi lærte korleis vi kunne bruke metodar frå kognitiv terapi til å hjelpe oss sjølv. Dette er eit viktig verktøy eg tek med meg heim,» seier Elisabeth.

Elisabeth vil synleggjere gruppetilbodet for andre med MO.

«Eg vil verkeleg anbefale alle med MO eit rehabiliteringsopphald på Haugland!»