Portrett av Rune. Foto.

– Dei vanlege bølgedalane som vi alle opplever, vart djupare enn før. Eg har vore forbanna over at dette skjedde med meg, fortel Rune.

Florømannen er eit arbeidsjarn, vand med å fikse ting sjølv. Som matros gjekk han to veker på, og to veker av. I frivekene sat han ikkje stille. Rune bygde terrasse, snikra eit hundretals benkar til Sildebordet i Florø og pussa opp hytta med eigne hender.

Ein laurdag i mars 2022 tok han med seg sonen og dottera på tur til Sogndal, der dei tre brannsupportarane frå Florø såg Brann-Sogndal. På veg heimatt stakk dei innom butikken for å handle og pante flasker.

Rune stod framfor panteautomaten då han brått kjende seg «løyen». Så blei det svart.

Rehabilitering handlar ikkje berre om trening og fysisk funksjon, men også om å venne seg til og meistre ein ny livssituasjon.

Rune

«Styggfort» til sjukehuset

Då Rune fekk blodpropp i hjernen, handla ungane Mats og Emma raskt. Dei fekk tilkalla ambulansen og med den, den livsnødvendige hjelpa faren no trong.

Rune hugsar glimtet av ein lege som skubbar han inn i luftambulansen. Han hugsar skinnene i taket på sjukehuset då han vakna nokre dagar seinare. Og han hugsar kjensla av det var nokon kjende og kjære i rommet saman med han. Rundt han sat kona og ungane.

Då han kom til seg sjølv, forklara helsepersonell at det var blitt tysdag, at han var utanfor livsfare, men at han måtte bli liggande.

Høgresida av kroppen var ute av drift, han kunne ikkje gå eller sitje oppreist utan å sige saman. Rune såg tredobbelt og var avhengig av hjelp.

Seinare har han fått fortalt kor fort ambulansen køyrde for å møte luftambulansen – med dottera ved farens side.

Tidleg og aktiv rehabilitering er viktig for slagpasientar

Kvart år vert kring 12 000 personar ramma av hjerneslag i Noreg, og av desse er kring 20 % under 65 år. Mange som opplever hjerneslag har behov for rehabilitering.

Dei siste tiåra har vi fått ny kunnskap om plastisiteten i hjernen. Forsking syner at tidleg og aktiv rehabilitering aukar sjansen for å attvinne tapte funksjonar.

Rehabilitering handlar ikkje berre om trening og fysisk funksjon, men også om å venne seg til og meistre ein ny livssituasjon.

Rehabilitering handlar ikkje berre om trening og fysisk funksjon, men også om å venne seg til og meistre ein ny livssituasjon.

Rune
Før slaget jobba Rune to veker på og to veker av. Han sat ikkje stille i frivekene, men brukte tida på ulike prosjekt.

Steg for steg

Med gode støttespelarar tok Rune fatt på rehabiliteringa. Etter fleire rehabiliteringsopphald ved Førde sjukehus, vart han henvist til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Hausten 2024 er han på Haugland for fjerde gong.

Her er tilrettelagt aktivitet ein viktig del av rehabiliteringa, og vi legg stor vekt på at pasientane skal oppleve meistring. Vi har god tverrfagleg kompetanse og fokuserer på å styrke ressursane til pasientane. For slagpasientar er balanse- og koordinasjonstrening eit fokusområde.

Les meir om rehabilitering etter slag på Haugland.

Under dette fjerde opphaldet har Rune og teamet lagt stor vekt på balansetrening.

For Rune har det blant anna medført mange turar opp og ned i trappene. Når han går i trapp må han stadig skifte balanse frå fot til fot, noko som styrker balansen på høgresida. I byrjinga tok han steg for steg og måtte halde seg i rekkverket. No tek han stega om eit anna som før.

Under opphaldet har Rune fått oppfølging frå fysioterapeut, sjukepleiar, lege, ergoterapeut, idrettspedagog, ernæringsfysiolog, og andre på det tverrfaglege teamet.

På Haugland har Rune også klatra til topps i klatreveggen.

«Eg var stolt av meg sjølv då eg ringte i bjella på toppen av klatreveggen. Det er noko du kjenner og gjer for deg sjølv, ikkje for nokon andre», fortel han.

Då eg vakna på sjukehuset hadde eg mista mykje språk. Men eg hugsa namna til ungane, madammen og meg sjølv.

Rune

Eit kvitt hus med høgtideleg stemning

For Rune førde også hjerneslaget til afasi, altså at evnene til å bruke og forstå ord sviktar.

«Då eg vakna på sjukehuset hadde eg mista mykje språk. Men eg hugsa namna til ungane, madammen og meg sjølv» fortel han.

«Etter ei stund kunne dei nærmaste forstå meg godt, mens andre kunne slite med å forstå kva eg prøvde å seie. Det kan vere veldig frustrerande».

Saman med logoped på Haugland og heime i Florø trenar han opp att språket gjennom ordleiting. Rune skildrar det han ikkje hugsar nemninga for og får ordet frå logopeden.

«Den er kvit, vi gifta oss der, har gravferd og dåp der, og det er høgtidleg stemning», kan Rune forklare.

«Kyrkje» svarar logopeden.

«Masse trær samla».

«Skog».

Etterpå byter dei. Logopeden forklarer og Rune finn orda.

«Du klarer meir enn du trur»

Når Rune fortel om opphaldet på Haugland, er det den positive støtta han løftar fram.

«Her møter du ei haldning om at «du klarer meir enn du trur». Etter kvart byrjer du sjølv å tenke slik» fortel han.

Rune kan ikkje jobbe som matros etter slaget, men han ynsker å bruke arbeidsevna si. Han er ein sosial og aktiv mann, som framleis fiksar ting sjølv.

Heime har han rigga til for balansetrening i eit treningsrom med blant anna heimesnikra balanseklossar og trinse i taket. Og saman med sonen snikrar han framleis bord til Sildebordet.

«Det er viktig for meg å få ta i bruk dei ressursane eg har og kjenne meg til nytte» seier han.

Feirer sigrane undervegs

Det er ikkje alltid rehabiliteringsprossesen går så raskt som Rune kunne ønske. Men han finn glede og motivasjon i sigrar undervegs.

«No kan eg gå trapper åleine, etter at balansen har betra seg mykje under dette opphaldet. Og nyleg gjekk eg til dagsturhytta i nærområdet, i kupert terreng. Det er første gong sidan 2021 at eg går på fjellet», fortel han.

På Haugland har Rune funne motivasjon og treningsglede, og erfart at det er god hjelp i å vere ei gruppe. «Når du har avtale med nokon om å gå tur eller trene, er det lettare å møte opp.»

«Eg tek med meg nye venskap og bekjentskap heim etter opphaldet» fortel han.

Les meir om rehabilitering etter slag på Haugland.