På Møteplassen samlast fagfolk og leiarar som jobbar med arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Årets konferanse går av stabelen på Hotel Zander K i Bergen 4.–5. november.

Tema 2025: Kvinnearbeidshelse

Temaet blir belyst gjennom faglege innlegg om mellom anna kvinners arbeidshelse, kvinners utbyte av arbeidsretta rehabilitering og kvinners utbyte av heildigitale tilbod.

I tillegg er ein stor del av Møteplassen sett av til utviklingsarbeid i fleire delar. Temaet for utviklingsarbeidet er: «Kva kan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering gjera for å betre kvinners arbeidshelse?»

Vi som arrangørar ynskjer å bruke Møteplassen 2025 til å aktualisere og vitalisere fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Kvinners arbeidshelse er gjennom NOU 2025:5 «Kvinners arbeidshelse – kunnskap og tiltak» eit aktuelt helsepolitisk tema, og vi ynskjer at fagfeltet skal ta ein sentral posisjon i arbeidet med å betre kvinners arbeidshelse. Sidan kvinner er den største gruppa deltakarar på arbeidsretta rehabilitering, ligg det òg eit stort potensial i å betre utbytet av rehabiliteringa.

Smakebitar frå programmet

  • Heildigitale intensive tilbod med fokus på kvinners utbyte v/ professor i klinisk psykologi Gerd Kvale og legespesialist og forskar Eirik Søfteland, Safe Choice Clinic
  • Kvinnelege deltakarar og arbeidsretta rehabilitering v/ leiar og forskar Chris Jensen, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering

Sjå detaljert program.

Arrangør

Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering, som består av Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Muritunet og Hernes Institutt. Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering ved Rehabiliteringssenteret AiR leiar nettverket.

Bli med på to dagar med læring, utviklingsarbeid og nettverksbygging!

Pris

Konferansepass inkl. overnatting 04.–05.11.Konferansepass utan overnatting 04.–05.11.Ekstra overnatting 03.–04.11.
Early Bird (seinast 31.08.): kr 4 500,-Early Bird (seinast 31.08.): kr 2 900,-kr 1 600,-
Ordinær pris (frå 01.09.): kr 4 900,-Ordinær pris (frå 01.09.): kr 3 300,-

Påmelding

Bindande påmelding innan tysdag 30.09.2025.

Påmeldinga er no stengt. For spørsmål rundt dette, ta kontakt:

Kontaktperson

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR)
v/ Ragnhild Follevåg, leiar utadretta aktivitet
Tlf. 57 73 71 14 / Mob. 99 51 47 82
E-post: ragnhild.follevaag@rkhr.no

Møteplassen er sponsa av AdCuris