Har de basseng?

Ja, vi har to basseng på senteret. Ein kan lese meir om bassenga her.

Ta med deg badetøy sjølv om du ikkje er glad i å bade, vi har gode hjelparar i bassenget!

Har du utfordringar med inkontinens må du ha spesiell badebukse for å delta i bassengaktivitet. Sjå meir info om dette her.

Dersom du treng ei slik badebukse kan du ta kontakt med ergoterapeut eller hjelpemiddelformidlar i kommunen din. Det er viktig at du får hjelp til å ta korrekte mål, slik at du får ei badebukse som er spesielt tilpassa deg. Du vil då kunne vere i basseng på lik linje med andre pasientar under opphaldet.

Det er viktig at du kontrollerar at badebuksa passar og er tett før du kjem, og at du har vanleg badetøy som passer over denne. Ver merksam på lang behandlings- og bestillingstid.