Du kan køyre eigen bil til senteret. Vi anbefaler at du då orienterer deg om reiseruta før avreise.

Frå sør/ Bergen:

Følg E39 nordover til Sognefjorden. Ta ferje frå Oppedal til Lavik, på dagtid går ferja hyppig. Rutetider finn du på www.norled.no. Frå Lavik er det ulike vegar til Flekke. Dei to første alternativa er på smale vegar det meste av ruta.

  • Alt. 1: Køyr Fv 607 vestover via Leirvik til du møter Fv 57. Følg Fv 57 nordover til Flekke.
  • Alt. 2: Ved godt føre kan du ta snarveg over Lavikdal (Lavikdalsvegen) til du møter Fv 57 til Flekke.
  • Alt. 3: Hald fram austover frå Lavik på E39. Køyr til Vadheim og deretter nord til Sande. Her svingar du av vestover retning Dale, først på Fv 610 og etter kvart på Fv 57 til Dale. Merk at det for tida er vegarbeid på denne strekninga, der det kan vere stengt inntil to timar. Meir informasjon finn du her.

Frå nord eller aust:

Følg E39 til Sande, som ligg mellom Førde og Vadheim. På Sande svingar du vestover retning Dale,

først på Rv 610 og etter kvart på Fv 57 til Dale. Merk at det for tida er vegarbeid på denne strekninga, der det kan vere stengt inntil to timar. Meir informasjon finn du her.

Frå Flekke til Haugland:

Sving av frå Fv 57 når du kjem til Flekke. Køyr forbi Jokerbutikken og følg vegen i om lag 3 km. Når du kjem til 30-sona, er du komme til Haugland. Køyr ned bakken forbi dei første husa (United World College), og forbi aktivitetsbygget vårt med gras på taket. I det neste bygget finn du resepsjonen til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Parkering:

Det er oppmerka parkeringsplassar ute. For dei som har parkeringstillating for forflyttingshemma, har vi reservert område for dette utanfor resepsjonen.

Ladestasjon

Det er ladestasjonar ved senteret, sjå meir informasjon om det her.