FAQ Category: Pågåande prosjekt

  • SARHA – Samordnet datadrevet rehabilitering etter hjerneslag

    Prosjektet skal utvikle ei digital løysing som kombinerer objektive målingar av framgang med klinisk fagkunnskap og systematisk tilbakemelding frå pasientane. Løysinga skal styrkje samhandlinga mellom dei ulike nivåa i helsetenesta og leggje til rette for ei meir målretta, persontilpassa og koordinert oppfølging gjennom heile rehabiliteringsforløpet. Du kan lese meir om prosjektet her.

  • Modulbasert rehabilitering

    Prosjektet har som hovudmål å utvikle ei ny digital løysing for modulbasert rehabilitering, integrert i journalsystemet Ad Curis. Løysinga skal strukturere rehabiliteringsforløp i fleksible digitale modular som blir aktiverte automatisk basert på tid, hendingar og pasientstatus. Ho skal òg samle inn og visualisere data om aktivitet og framgang gjennom heile behandlingsforløpet. Dette vil gi behandlarane…

  • RehabNytte

    Multisenterstudien RehabNytte er eit samarbeid mellom 17 private rehabiliteringsinstitusjonar frå alle helseregionar organisert gjennom forskings- og utviklingsnettverket i dei private rehabiliteringsinstitusjonane (FoU-nettverket i Virke Rehab), i samarbeid med Nasjonal kompetansetjeneste for revmatologisk rehabilitering (NKRR), Nasjonal kompentansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) og regional kompetansetjeneste for rehabilitering Helse SørØst (RKR-HSØ). Overordna mål med prosjektet er å bidra…

  • PETRA-NMD

    Kva effekt kan skreddarsydd trening ha som behandling for personar med sjeldne nevromuskulære sjukdommar? Det er spørsmålet i den store PETRA-NMD-studien. Forskarane skal undersøke om eit personleg tilpassa fire månaders treningsprogram med styrke- og balansetrening kan forbetre dynamisk balanse, muskelstyrke og generell fysisk trivsel hos deltakarane, samanlikna med vanleg oppfølging. Prosjektet har fått 17,1 millioner…