FAQ Category: Forsking

  • SARHA – Samordnet datadrevet rehabilitering etter hjerneslag

    Prosjektet skal utvikle ei digital løysing som kombinerer objektive målingar av framgang med klinisk fagkunnskap og systematisk tilbakemelding frå pasientane. Løysinga skal styrkje samhandlinga mellom dei ulike nivåa i helsetenesta og leggje til rette for ei meir målretta, persontilpassa og koordinert oppfølging gjennom heile rehabiliteringsforløpet. Du kan lese meir om prosjektet her.

  • Modulbasert rehabilitering

    Prosjektet har som hovudmål å utvikle ei ny digital løysing for modulbasert rehabilitering, integrert i journalsystemet Ad Curis. Løysinga skal strukturere rehabiliteringsforløp i fleksible digitale modular som blir aktiverte automatisk basert på tid, hendingar og pasientstatus. Ho skal òg samle inn og visualisere data om aktivitet og framgang gjennom heile behandlingsforløpet. Dette vil gi behandlarane…

  • Norfunk

    Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) var med på ein multisenterstudie der standardiserte spørjeskjema som kartlegg helseplager og funksjonsevne relatert til jobb vart testa ut. Prosjektet vart starta 1.1.2007, og vart avslutta i 2016. Meir informasjon finn du her: Nasjonalt kompetansesenteret for arbeidsrettet rehabilitering

  • Forsking på rehabilitering ved sjukleg overvekt

    Fleire ulike forskingsstudiar har blitt gjort på data henta inn frå pasientar ved RKHR. Fysisk aktivitet og overvekt Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane om forsking på rehabilitering ved sjukleg overvekt. To fagfolk frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Randi Jepsen og Eivind Aadland, har teke sine dr. gradar…

  • Brystkreft

    I perioden 2000 til 2007 gjennomførte Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter fleire studiar på rehabilitering av kvinner med brystkreft. Gjennom 2000-talet vart det gjort fleire studiar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter på rehabilitering av kvinner med brysktreft. Fysioterapeut Kari Fismen ved RKHR var sentral i dette arbeidet, saman med andre i fagstab ved RKHR, og fagfolk frå…

  • ICF Kjernesett rygg

    ICF er Verdas Helseorganisasjon sitt klassifiseringssystem for funksjon, sjukdom og helse. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter var med og vurderte kjernesett for korsryggsmerter. I 2008 vart det publisert ein studie der fysioterapeut ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Bjarte Fossen, var med på å prøve ut kjernesett for korsryggsmerter i klassifiseringssystemet International Classification of Functioning, Disability and…

  • Samhandlingsprosjekt

    I samhandlingsprosjektet såg ein på korleis ein kan betre koordineringa og samhandlinga mellom pasient, lokale aktørar og rehabiliteringsinstitusjonen for saumlause forløp med pasient og pasienten sitt mål i sentrum. Prosjektet var delt inn i fire delprosjekt, og vart finansiert av Helsedirektoratet. Delprosjekt 1: Utvikling av ein modell for samhandling mellom lokale NAV-kontor, kommunehelsetenesta og rehabiliteringsinstitusjon. …

  • Funksjonstesting

    Saman med fleire bedrifter og institusjonar såg vi på mogelegheiter for å måle funksjon ved hjelp av avanserte sensorar og kompleks statistikk. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Ergotest Innovation AS, stiftinga Teltek og Pattern Recognition Systems AS samarbeidde om eit prosjekt der ein prøvde ut multivariate statistiske metodar for integrasjon av data frå ulike typar måleinstrument,…

  • Survivors of conflict

    Prosjektet fokuserer på utdanning og rehabilitering for unge frå konfliktområde, med skadar frå mellom anna eksplosiv som landminer, frå andre traumar, frå stigmatisering og frå flukt. Dette er eit mulitidisiplinært samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors, United World College Røde Kors Nordisk (UWCRCN), Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) og Haugland Internasjonale forsking og utviklingssenter (HIFUS). Kvar eining…

  • KaNo

    KaNo-prosjektet vart starta på oppmoding frå Kreftforeningen ut ifrå deira erfaringar og satsing på Unge og kreft i 2008. Dei fleste unge som får kreft overlever kreftsjukdommen, men forsking viser at mange unge som har gjennomgått kreftbehandling opplever at overgangen frå behandling til eit kvardagsliv kan vere tøff. Prosjektet fekk namnet “KaNo” fordi mange etter…