Tarja Rajalahti Kvalheim forskingsleiar RKHR Haugland REHSØ rehabilitering

I midten av september vart Regional rehabiliteringskonferanse (ReHSØ) arrangert på Fornebu. Konferansen er den største innan rehabilitering i Noreg og har som mål å samle mange som er interesserte i rehabiliteringsfaget og dele ny og relevant kunnskap.

Helseminister Jan Christian Vestre opna årets konferanse, som hadde «nye moglegheiter for rehabiliteringsfeltet» som tema. Frå Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) deltok forskingsleiar Tarja R. Kvalheim og klinikkleiar Marte H. Ulltang. Tarja heldt to innlegg og deltok også i paneldebatten.

Det første føredraget handla om multisenterstudien RehabNytte og det andre om modulbasert rehabilitering.

– Viktig å vise fram resultat

– Eg er veldig glad for at eg får moglegheita til å formidle resultat frå RehabNytte-studien og samtidig løfte fram den viktige innsatsen som er lagt ned ved alle dei 17 private rehabiliteringsinstitusjonane som har deltatt i prosjektet, seier Tarja R. Kvalheim.

Kort fortalt er multisenterstudiet RehabNytte eit samarbeid mellom 17 institusjonar frå alle helseregionar, i samarbeid med fleire kompetansetenester. Målet er å bidra til betre og meir effektive rehabiliteringstenester. Du kan lese meir om det på nettsida vår og på nettsida til forskingssenteret Remedy.

Bygningar i ulike fargar, fjord og fjell rundt. Foto.


– Det er ekstremt viktig å vise resultata, og ikkje minst at det skjer ting i dei private institusjonane også. Vi trur at mange i rehabiliteringsmiljøet no har blitt merksame på RehabNytte og alle resultata frå dette store prosjektet, seier Tarja etter konferansen.

For dette handlar ikkje berre om forsking og resultat.

– Det handlar òg om kompetanseheving og kvalitet. Vi delar kunnskap og erfaringar for å gjere kvarandre betre – og rehabiliteringsfeltet sterkare, slår ho fast.

– Gir meir effektiv drift

Det andre føredraget til Tarja Kvalheim dreidde seg om modulbasert rehabilitering. Rehabilitering får stadig kortare og meir intensive forløp, fleire pasientar og skjerpa krav til digital oppfølging. Målet med modulbasert rehabilitering er å automatisere pasientforløpet og dermed gje klinikkane meir effektiv drift.

Men korleis kan meir systematikk gje betre rehabilitering? På konferansen presenterte Tarja eit prosjekt om dette temaet, som RKHR har samarbeidd med Sørlandets rehabiliteringssenter, Vikersund Bad Rehabiliteringssenter, Meråker Kurbad og journalsystemet Ad Curis om dei siste åra.

Modulbasert rehabilitering handlar òg om omstilling: Korleis kan ein betre bruke dei verdifulle ressursane som tilsette på rehabiliteringsinstitusjonar har – og samtidig gje pasientane tettare oppfølging?

Prosjektet har som mål å utvikle ei løysing som skal strukturere rehabiliteringsforløp i fleksible digitale modular – som blir aktiverte automatisk basert på tid, hendingar og pasientstatus.

Løysinga skal òg samle inn og visualisere data om aktivitet og framgang gjennom heile behandlingsforløpet. Dette vil gi behandlarane betre oversikt og gjere det mogleg å følgje opp fleire pasientar på ein effektiv måte.


På sosiale media takkar Ad Curis forskingsleiaren på Haugland for at ho delte samarbeidsprosjektet frå scena på Noregs største rehabiliteringskonferanse: «Vi er heldige som får utvikle Ad Curis saman med kundar som vågar å tenkje nytt».

Lyst til å vite meir? Les gjerne om temaet på nettsida vår og sjå film på nettsida til Ad Curis.

Tarja med i debatten

Tarja frå RKHR var også i panelet på debatten på konferansen. Framfor publikum fekk ho diskutere utfordringar rundt digital rehabilitering saman med nokre av dei andre deltakarane. Debatten vart innleia av Vikersund Bad Rehabiliteringssenter og Universitet Sørøst-Norge:

– Vi opplever at rehabiliteringstenestene er i endring. Det kjem nye teknologiske moglegheiter, det blir stilt større krav til samanhengande pasientforløp, og vi møter forventningar om digital utvikling både frå styresmaktene, helseregionane og pasientane sjølv. Samtidig er det ganske få fasitsvar der ute, uttalte dei.

Det vi held på med no er ekstremt viktig

Spørsmål som vart tatt opp i debatten, var mellom anna: Kva er eigentleg målet med digital rehabilitering? Kva bør digitaliserast – og kva må vi bevare? Kven verkar digital rehabilitering for? Kva treng rehabiliteringsfeltet for å lykkast med digital omstilling?

– Dette er så spennande og meiningsfullt å få diskutere! Eg har fått mange kommentarar etter innlegga på konferansen. Det vi held på med no er ekstremt viktig og treffer fagfolk midt i blinken, fastslår Tarja.