Møteplassen er ein konferanse som i år hadde høgaktuelt tema: Bruk av Pain Reprocessing Therapy (PRT) i rehabilitering. PRT har vore mykje i vinden siste året, både gjennom tv-program, podcastar og faglege diskusjonar. Kort fortalt handlar behandlinga altså om å «omprogrammere» hjernen til å skru av smerter som ikkje lenger har ei fysisk årsak.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter Tarja Kvalheim

Til konferansen i Bergen kom 67 personar frå ulike rehabiliterings- og helseinstitusjonar frå Bodø i nord til Kristiansand i sør.

– Svært viktig konferanse

Konferansen starta tysdag 3. november med opning av fylkesvaraordførar i Vestland, Stian Jean Davies (AP), som kalla det for eit viktig nasjonalt seminar. Han la vekt på kor viktig rehabiliteringsfeltet er og lovde å ta det med seg vidare til helseministeren.

– I ei tid med kritisk mangel på arbeidskraft må vi sørge for at alle får ta del i fellesskapet. Alle som kan og ønskjer å jobbe, må få moglegheita til det. Vi har rett og slett ikkje råd til å late vere. Vestland manglar mykje arbeidskraft, derfor er utanforskap eit formidabelt samfunnsproblem. For den enkelte har utanforskap enorme konsekvensar, prega av einsemd, inaktivitet og passivitet, utdjupa Stian.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter fylkesvaraordførar Stian Jean Davies Inger Johanne Osland


– Årsakene til utanforskap er samansette, men tal slår fast at sjukdom og smerte utgjer ei massiv barriere for deltaking i samfunnet. Derfor er helsetenestene si evne til å rehabilitere viktigare enn nokon gong, påpeikte han.

Stian Davies meinte vi skal vere stolte av at vi har rause velferdsordningar i Noreg, men at det er for mange som endar opp på uføretrygd, og at for mange får det for tidleg.

– Uvurderleg arbeid

Fylkesvaraordføraren var på omvising på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) i sommar og nytta sjansen til igjen å rose arbeidet som blir gjort der.

– Det er avgjerande å klare og følgje opp den enkelte, og finne ut korleis dei kan leve eit godt og yrkesaktivt liv med den tilstanden dei har. Her gjer de på Haugland eit uvurderleg arbeid: Å gi folk moglegheitene tilbake, sa Stian.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter Inger Johanne Osland Marianne Furevikstrand

Han vart interessert i PRT etter ein engasjerande prat med RKHR-direktør Inger Johanne Osland.

– Forsking og metodar som lærer pasientar å bryte fryktsirkelen knytt til smerte, kan vere akkurat det som skal til for at fleire kan leve gode, aktive liv – og igjen delta i fellesskapet. At Haugland no samlar fagmiljøet for å diskutere, lære og prøve ut nye tilnærmingar for å få fleire med, står det enorm respekt av, sa Stian Jean Davies.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Då Brå brekte staven

Haugland Rehabiliteringssenter arrangerte Møteplassen 2026 i samarbeid med Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering. I tillegg til Haugland, består nettverket av Muritunet og Hernes Institutt og blir leia av Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering ved Rehabiliteringssenteret AiR.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter Peter Solvoll Lyby psykologspesialist og smerteforskar

Forskingsleiar ved RKHR, Tarja R. Kvalheim, innleia konferansen saman med direktør Inger Johanne Osland. Deretter gav Peter Solvoll Lyby, psykologspesialist og smerteforskar, ei god innføring i PRT. Til vanleg jobbar Peter på Smertepoliklinikken ved Sykehuset Østfold og har meir enn 15 års erfaring frå rehabiliteringsfeltet.

Mange av deltakarane på konferansen kjenner Peter godt frå før, sidan han har kursa fagstaben på fleire av institusjonane i PRT. På Møteplassen fortalde Peter Lyby om då han sjølv først fekk auga opp for behandlingsmetoden.

– Det var nærmast ein Oddvar Brå-augneblink! Eg får framleis frysningar når eg tenkjer på det, fastslo han.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter Peter Solvoll Lyby psykologspesialist og smerteforskar

Glimtet var då han første gong fekk presentert Boulder Back Pain-studiet, som viste fantastiske resultat med PRT.

– Det er viktig at vi forvaltar dette godt. Fokus må løftast, vi må lære oss handverket og bruke tid på det. Målet er å gå frå fare til tryggleik. Først vart PRT forvalta godt av enkeltpersonar, men no har det gått over til kollektivt arbeid: Klinikkar og pasientar kjenner at her er det noko viktig – no klarer vi å hjelpe fleire enn tidlegare, sa Peter.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

I nærmare fire timar drog han konferansedeltakarane gjennom ei innføring i behandlingsmetoden, viste forklarande filmsnuttar og svarte på spørsmål. Til dei som lurte på evidens, meinte han PRT har vore der i fleire tiår allereie, men at det har gått under andre merkelappar.

– Det som er nytt, er at vi tar eit tydeleg standpunkt rundt tilfriskning, påpeikte han.

Delte erfaringar

På kvelden var konferansedeltakarane samla til middag og god drøs. Neste morgon var det duka for å sjå meir på erfaringane rundt Pain Reprocessing Therapy. Av rehabiliteringsinstitusjonane som har jobba mest med PRT, er CatoSenteret.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter anette aarum catosenteret

Fysioterapeut Anette Aarum fortalde korleis senteret jobbar med å auke helsekompetansen til pasientane.

– Kunnskap og verktøy til å skape endringar gir håp, meistring og tru på eiga arbeidsevne, sa ho.

Anette og CatoSenteret har gode erfaringar med PRT. Ein del pasientar har høyrt om behandlingsmetoden og ber sjølve om å få den. Senteret tilrår relevant litteratur og ser at motivasjon og innsikt gir eit godt utgangspunkt for opphaldet og PRT.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter inger johanne osland

På CatoSenteret får pasientane undervising før dei begynner på dei praktiske øvingane.

– Det handlar om somatisk sporing og reprogrammering. Vi jobbar med at vi ikkje skal skubbe unna symptoma, men at vi skal vere i det; akseptere det som kjem og trygge hjernen på at det berre er kroppskjensler, utdjupa ho.

«Hjernen min ville ikkje tru det»

Anette Aarum fortalde også om pasientar som har hatt god effekt av PRT på CatoSenteret. Positive erfaringar kunne også lege Ella Roksund Carlsson frå Rehabiliteringssenteret AiR vise til:

«PRT har gitt meg eit nytt liv».
«Eg har blitt ein ny person».
«PRT var heilt avgjerande i mi tilfriskning».
«Eg vart så raskt frisk at hjernen min nesten ikkje ville tru det».

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ella roksund carlsson rauland

På Rauland jobbar dei i all hovudsak med arbeidsretta rehabilitering (ARR).

– Vi har merka stor endring siste året på korleis pasientane reagerer på PRT. No er dei mykje meir framoverlente; fleire har høyrt om PRT og er motiverte for å prøve, fortalde Ella.

På Rauland har dei vore opptatte av at mange i fagstaben skal ta PRT-kurset, slik at pasientane møter det same opplegget uavhengig av kven dei snakkar med. Senteret håper også på at Stella Servoli, som var deltakar på konferansen, skal få ta ein doktorgrad med PRT som tema.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter rauland

Eksponering i trygt miljø

Ella R. Carlsson erfarer at det ulikt kor mange PRT-konsultasjonar dei rekk å gjennomføre med pasientane og kor mange pasientane treng.

– Hos oss er pasientane i fire veker på døgnopphald. Då er det trygt å eksponere seg. Viss noko går gale, så er dei i trygge rammer. Mange av pasientane er sårbare og har samansette utfordringar og det skal vi ha respekt for å røre i. Vi må tole det som kjem og riggar oss for at det er trygt både for oss og dei, sa Ella.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Ho karakteriserer PRT-behandlinga som «magi» og «veldig moro».

– Av og til er det rett og slett «Heureka!» og 0 til 100 i stor fart. Andre gonger kjem vi i ikkje i mål med det vi hadde håpt på. Sånn er det, vedgjekk AiR-legen.

Lærer av podcastar

Anett Steinnes er arbeidskonsulent og kognitiv terapeut på Muritunet. Rehabiliteringssenteret i Møre og Romsdal har både dag- og døgnbasert rehabilitering, og Anett fortel at dei også tilbyr private PRT-kurs for pasientar. Så langt har 28 pasientar tatt kurset.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter anett steinnes muritunet

– Vi bruker PRT på smertepasientar, men mest på ARR. Vi tilrår pasientane både litteratur, podcastar og lydfiler som handlar om PRT. Det er gøy å få vere litt kreative, og mange synest det er ein nyttig måte å få meir innsikt på, sa Anett.

Ho kunne vise til fleire fine pasienthistorier frå Muritunet. Til dømes hadde ein blitt sjukmeldt etter høgt arbeidspress, stort trykk heime og borreliose med påfølgande utmatting og smerter i bein. Han vart raskt motivert for PRT-behandling og hadde så god effekt at han reiste heim igjen med ein kropp som kjentest 15 år yngre ut – og ein plan for opptrapping til full jobb.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Eit anna eksempel var ei dame som hadde full uføretrygd. Ho ønskte sterkt å jobbe, sjølv om ho hadde hatt fleire mislykka forsøk på det. Ho vart introdusert for PRT og svært motivert for behandlinga. Fem månader etter opphaldet er dama stabil i 50 prosent stilling og kjenner meistring både helsemessig, på jobb og heime. Anett Steinnes legg likevel vekt på at dei også har mindre vellykka erfaringar.

– Men det må til for å bli gode utøvarar. Vi øver og øver og kjenner på både meistring og frustrasjon. Vi har lært av Peter Lyby at vi må vere rause overfor oss sjølv i denne prosessen, og dessutan at det å by på seg sjølv og bruke humor er viktige ingrediensar. Vi har også lært at innsatsen til pasienten tel minst 40 prosent, så det tar vi også med oss, sa Anett med eit smil.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Heureka!

Den fjerde institusjonen som delte erfaringar, var Skogli Helse- og Rehabiliteringssenter på Lillehammer. Dei har hatt 25 fagpersonar på PRT-kurs med Peter Lyby, men er ganske ferske og hadde siste kursdag med PRT berre fem dagar før Møteplassen. Dei har likevel fått øvd ein god del undervegs i kursinga.

– Mange av dei som blir henvist til ARR hos oss, er i målgruppa for PRT-tilnærming. Det er viktig at vi saman klarer å skape ei ny forståing for helsesituasjonen deira gjennom undervising og deretter øving, sa nevrolog Silje Frøysland.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter skogli helse- og rehabiliteringssenter lillehammer

Tilbakemeldingane frå pasientane på Skogli så langt er at dei er positive og nysgjerrige til PRT, og at dei stadig får «heureka-opplevingar». Dei tilsette synest PRT gir ein driv i teamet og gler seg til å bruke behandlingsmetoden endå meir.

Frå moped til motorsykkel

Den siste institusjonen som delte av erfaringane sine, var Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Fysioterapeut Inge Holsen samanlikna rehabilitering utan og med PRT som å gå frå moped til motorsykkel.

– Du kan forsere meir når du oppgraderer frå moped til motorsykkel. Samtidig krev den også at du veit kva du driv med, sa Inge.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter inge holsen fysioterapeut

På Haugland har dei brukt PRT på pasientar sidan i sommar.

– Vi driv framleis med vanleg moped, men vi har oppgradert den og fått litt meir tyngde og schwung. Det skjedde noko med pasientane då det vart meir futt i mopeden, sa han og la til:

– Vi tar ikkje PRT fram til alle. I starten har vi vore litt selektive, slik at vi øver på dei mest openberre kandidatane.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter peter solvoll lyby

På Haugland har ulike faggrupper kursa seg i PRT, mellom andre sjukepleiarar, ergoterapeutar, legar og idrettspedagogar.

– Å jobbe med same språk mot same mål er ein styrke, meinte Inge.

Dei har også sett ned ei tverrfagleg ressursgruppe som utarbeider og kvalitetssikrar undervisningsmateriell, manualar og kartleggingsskjema, i tillegg til at dei har månadlege PRT-samlingar og øver i makkerpar. Han kunne også fortelje om pasientar som hadde fått svært god hjelp med PRT-behandling.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Paneldebatt

Etter erfaringsutvekslinga var det paneldebatt med oppfølgingsspørsmål og til slutt diskusjonar i grupper, leia av Chris Jensen og Stefan Brunvatne i Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering ved Rehabiliteringssenteret AiR.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter paneldebatt catosenteret rauland skogli

Forskingsleiar hos Haugland Rehabiliteringssenter, Tarja R. Kvalheim, kunne slå fast at Møteplassen 2026 hadde vore ein suksess.

– Vi har berre fått positive tilbakemeldingar. Folk har lært mykje og blitt gira på vidare arbeid med PRT, sa ho.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

– Vi ser at Pain Reprocessing Therapy er eit tema mange vil vite meir om. På konferansen vart det ein perfekt blanding av foredrag, erfaringsdeling, panel og diskusjon, avsluttar Tarja med eit smil.

Møteplassen 2026 konferanse PRT Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter tarja kvalheim forskingsleiar