Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS (RKHR) er vårt formelle namn. I daglegtalen forenklar vi og snakkar om «Hauglandsenteret».
Det forpliktar å vere eigd av verdas største humanitære nettverk – Røde Kors – og ha organisasjonen sitt namn som del av vårt eige. Namnet vårt viser at vi er ein del av ein humanitær organisasjon som skal hindre og lindre menneskeleg naud og liding.
I 1980 testamenterte overrettssakførar Christian Bekker si flotte eigedom i Fjaler kommune til Sogn og Fjordane Røde Kors, med klar beskjed om at eigedomen skulle nyttast til humanitære og inspirerande føremål.
Dei første åra vart eigedomen brukt til leirskule og som aktivitetssenter for personar med eller utan funksjonsnedsetjingar. Seinare vart det eit helsesportsenter, og i dag er vi godkjent som det rehabiliteringssenteret vi er.
Vi kjenner sterkt på samfunnsansvaret vi har. Vårt føremål er å tilby rehabilitering for personar som står i fare for å få avgrensa si funksjonsevne. Alle som kjem til oss skal bli møtt med respekt og likeverd, og få hjelp til å bli kjende med dei ressursane dei har – som dei kan bruke til å få eit betre liv etter opphaldet.
I Noreg er Røde Kors ein beredskapsorganisasjon og ein viktig del av den norske redningstenesta. Røde Kors er òg støtteaktør for norske styresmakter. Fleire av aktivitetane til Røde Kors støttar og utfyller tenestetilbodet til det offentlege.
Det same gjer vi ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Vi utfører oppgåver innan spesialisert rehabilitering som spesialisthelsetenesta er pålagd å gjennomføre, der det offentlege ikkje strekk til. Aktiviteten vår passar difor godt inn i samfunnsrolla til Røde Kors.
Vi er ein liten, men viktig del av denne globale ideelle organisasjonen – for vår målgruppe, pasientar med rehabiliteringsbehov. Røde Kors er ein familie vi er stolte av å vere ein del av.
Av styreleiar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Elsbeth Tronstad.
