– For første gong får barn og ungdom tilbod om rehabilitering i vår region. Det er gledeleg at langt fleire barn som har hatt kreft eller som har funksjonsnedsetjing, no kan få rehabilitering. Samstundes er vi uroa for andre pasientgrupper, seier administrerande direktør ved RKHR, Inger Johanne Osland.

RKHR har driftsavtale med Helse Vest. I november tildelte Helse Vest ny avtale for dei fire komande åra, med opsjon for fire år til. I tildelinga aukar talet på døgnplassar til barn og unge frå 0 til 1400. I praksis har RKHR gitt tilbod til kring 15 barn i året. No vil kring 70 barn få tilbod årleg.

Uroa for pasientar som får redusert tilbod

Samstundes er Osland bekymra for andre pasientgrupper, som får redusert tilbod. I den nye tildelinga vert det samla talet på døgnplassar redusert med 27 prosent. Dette gjeld tilbod til pasientar med kreft, nevrologiske og nevromuskulære lidingar (t.d. Parkinson), kronisk muskel- og bløtdelssmerte, sjukleg overvekt og døgnplassar for arbeidsretta rehabilitering.

– Vi var førebudde på ein nedgang i avtalen, men vi er overraska over kor stor reduksjonen vart. Eg er uroa for at færre vil få rehabilitering og at ventetidene blir endå lengre, seier Osland.

I praksis betyr det ein nedgang frå om lag 70 til 50 pasientar som til ei kvar tid er på rehabiliteringsopphald ved senteret.

Kutt i heile Vestland

Over heile Vestland fylke og Rogaland må rehabiliteringsinstitusjonar no redusere tilboda.

– Vi skal både styrkje barne- og ungdomstilbodet og gje eit tilbod av like høg kvalitet som før til pasientane som kjem hit. Men varsellampene blinkar når rehabiliteringstilbodet i Vestland og Rogaland jamt over blir så kraftig redusert, seier Osland.

– Signala har vore at kommunar og sjukehus i større grad skal tilby rehabilitering, men når ein kuttar dagens tilbod før eit alternativ er på plass, vil pasientane i praksis falle mellom to stolar, seier Osland.

Uroa: – For første gong får barn og ungdom tilbod om rehabilitering i vår region. Det er gledeleg at langt fleire barn som har hatt kreft eller som har funksjonsnedsetting, no kan få rehabilitering. Samstundes er vi uroa for andre pasientgrupper, seier Osland.

Ein viktig kompetansearbeidsplass i området

Ordførar i Fjaler kommune Leif Jarle Espedal og varaordførar Marte Haugsbakk kommenterer avtalen slik:

– RKHR er ein viktig kompetansearbeidsplass i området, som har bygd opp eit tilbod med høg og anerkjend kvalitet. Det er ei urovekkjande utvikling at senteret no må redusere aktiviteten – både fordi RKHR er den største private arbeidsplassen i Fjaler, og fordi færre får tilbod om rehabilitering og ventetidene blir lengre. Samstundes er det positivt med eit styrkt tilbod til barn og unge.

RKHR er den største rehabiliteringsinstitusjonen i Vestland og gjev tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Senteret har nærare 100 tilsette frå Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Sunnfjord.