Ove sitande på huk framfor eit tre. Foto.

Det var ei natt i 2007 at presten banka på døra til Ove i Bergen med den verste beskjeden ein
forelder kan få: Sonen Andreas hadde mista livet i ei trafikkulukke i Valdres. Familien måtte seie
farvel til sonen, som hadde vore storebror med stor “S” for småsystrene på 6 og 8 år.

På veg heim til Bergen etter den sørgmodige, men fine gravferda, kom ein trailer over i motsett
køyrefelt og traff bilen Ove og familien sat i. Dei andre kom heldigvis frå ulukka utan alvorlege
skader, men Ove vart flogen til Haukeland sjukehus med store indre skader og vart lagt i koma. Han vakna til ei beintøff tid.

– Det var ikkje greitt å føle det slik eg hadde det på sjukehuset. Eg hadde ikkje fått tid til å sørge og var uroa for ungane mine etter ulukka, og på sjukehuset venta mange operasjonar. Så starta jobben med å bearbeide sorgene og depresjonen eg var komen i.

Eg hadde mange rare tankar i hovudet, og det var ikkje unaturleg det, fortel Ove.

Vegen til ein kvardag

Ein knalltøff rehabiliteringsprosess starta, med opphald først på DPS og deretter på Beitostølen
helsesportsenter ved fleire høve.

– Eg var innstilt på at eg skulle klare å kome meg tilbake til eit verdig og godt liv, sjølv om omstendene var nye, seier han.

Men prøvingane var ikkje over for mannen, som tidlegare hadde arbeidd som leiar i både Bergen og Valdres. Han fekk eit kritisk hjarteinfarkt og vart hasteoperert med Bypass. Ove har levd med fleire kroniske diagnosar sidan ungdommen, blant anna Bekhterevs sykdom og nevrofibromatose (NF).

I 2023 fekk han sarkom-kreft og Parkinson-diagnosen. Det var då han kom til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler, der han to gongar har delteke på gruppeopphald for Parkinson-pasientar.

– Målet mitt var å forstå diagnosen betre, og lære meg å leve med Parkinson. Eg var opptatt av å trene mobilitet, styrke og uthald, og å lære noko nytt. Eg var innstilt på at eg skulle meistre kvardagen, og at eg skulle få så mykje ut av opphaldet som mogleg. Eg er oppteken av å utfordre meg sjølv, og tenkjer på meistring som eit puslespel. Eg er sjefen som bestemmer kor brikkene skal ligge, men eg treng innspel frå gode partnarar om korleis eg kan pusle det saman.

Å bli møtt som eit heilt menneske

Han fortel at han på Haugland vart møtt på ein måte han set pris på.

– Dei tilsette møtte meg på ein utruleg god måte. Frå eg vart teken imot i resepsjonen med informasjon og god kontakt, kjende eg meg velkomen og trygg. For å klare å kome gjennom ei sånn tid treng ein å bli møtt som ein heil person, ikkje berre som ein diagnose. Rehabilitering handlar mykje om fysisk trening, men like mykje om struktur, meistring og det sosiale, å oppleve støtte og tru på at det går an å kome seg tilbake til ein god kvardag, fortel Ove.

Han peiker på at korleis ein blir møtt har mykje å seie for opphaldet. På Haugland vart han møtt av eit profesjonelt og tverrfagleg team, og han fekk sin eigen kontaktperson som fulgte han gjennom opphaldet.

– Viss du blir møtt på ein god måte er det trygt og tillitsvekkande. Det styrkjer trua på at opphaldet vil kome meg til gode. Eg fekk god oppfølging, og ein flink og merksam kontaktperson. Dei tilpassa eit individuelt treningsopplegg til meg, og vi hadde mange gode samtalar i løpet av opphaldet, fortel han.

Ei heilskapleg tilnærming gav resultat

På Haugland deltok han på undervisning der han lærte meir om diagnosen, og han møtte andre med same typar utfordringar. Han fekk støtte av ulike fagpersonar, som logoped og ergoterapeut.

– Samspelet med fagpersonane var det viktigaste for meg under opphaldet. Saman laga vi ein individuell plan, med gode metodar for å trene. Ein stor del av timeplanen går til fysisk aktivitet, og eg fekk symje, klatre og finne ein balanse som kunne passe i kvardagen heime.

Den heilskaplege tilnærminga ved Haugland gjorde sterkt inntrykk på han.

Det tverrfaglege teamet arbeider med både fysisk trening og meistring, men også med
tryggleik og struktur.

– Eit viktig spørsmål for meg var korleis eg skulle leve i ein ny situasjon, og der var teamet flinke til å vere med å skape og synleggjere verktøya eg kan bruke i kvardagen. Eg måtte også lære meg grensene for min eigen kapasitet, og å akspetere at ting må gjerast litt annleis enn før.

Ove på fjelltur. Foto.
Foto: Privat

Eit avgjerande tilbod

Ove fortel at rehabiliteringsopphalda har vore heilt avgjerande for han.

– Det gav meg overskotet og forståinga eg treng for å leve med mine utfordringar. Saman sat vi det inn i eit bilete der ein kan sjå moglegheiter, samstundes som eg fekk den roen og forståinga eg trong for å kunne ha fokus på meg sjølve og å få mest mogleg utbytte. Om ein skal inn og ut av ein behandlingsplass blir det mykje stress, ein treng tid og ro til å kunne justere og finne ut av kva som fungerer, forklarar han.

På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er meistring gjennom fysisk aktivitet ein sentral metode i behandlinga. Meistringskjensla kjem av å få til noko, gjerne noko ein ikkje trudde ein kunne klare.

– Det er kjensla av at du klarer å møte og takle livet, slik eg opplevde når eg fekk symje og klarte å strekke strikken litt lengre ved å justere teknikken litt. Eg prøvde fleire ting som eg med god instruksjon fekk til, som BIG-øvingane. Dette er trening som kan ha store utslag for oss med Parkinson, og som eg ikkje har høyrt om før eg kom. Det er aktivitetar eg aldri i verda hadde fått til på eiga hand, men med rettleiing og trening kan eg sjølv nytte det i kvardagen, fortel han.

Samfunnsøkonomisk og humanitært uklokt å svekke tilboda

Ove har omgjort motgangen sin til erfaringar og omsorg for andre, både gjennom arbeid og frivillige verv. Han har arbeidd som konsulent i Helse Bergen, først med å hjelpe pasientar å finne håp og moglegheiter, og seinare med å rådgi leiarar. I ni år leia han Erfaringspanel psykisk helse og rus i Helse Bergen og i dag leiar han brukarutvalet til Betanien sjukehus, i tillegg til å vere styreleiar for Parkinsonforbundet i Bergen og omland.

– Eg er uroa for at rehabiliteringstilboda blir bygd ned rundt omkring i landet. Over heile fjøla er det press på tenestene, med nokre tilbod som skal leggast ned, nokre som blir innskrenka og andre som skal overførast til kommunane. Når desse tilboda forsvinn risikerer vi at fleire får dårlegare livskvalitet, blir varig avhengige av helse- og omsorgstenester og blir ståande utanfor arbeidslivet. Det er dårleg for både menneske og samfunn, seier Ove.

Han meiner rehabilitering er ei samfunnsøkonomisk og humanitær investering, og at tilbod som Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter må styrkast for at fleire skal kunne leve godt.

– Kommunane har ikkje kapasitet, midlar eller kompetanse til å ta over desse tilboda. Det er ei uklok nedbygging, seier han.

Tankesett og fysisk aktivitet er nøklar

Det er tydeleg at Ove har ein filosofi mange kan lære av, og ei sterk motstandskraft. Om si eiga
innstilling seier han:

– Mottoet mitt er å aldri gi opp. Same kor mørkt det er, så kjem du alltid fram til eit lys. Ein må vere villeg til å endre seg når ein møter motgang. Eg har arbeidd mykje med mitt eige tankesett for å ikkje grave meg ned i det som har skjedd og la det eskalere. Rett etter ulukkene byrja eg å skrive ned tre ting eg hadde fått til kvar dag, og så prøvde eg å få til litt meir neste dag. Eg prøver å løfte fram det eg får til, og fokusere på det. Eg vender tilbake til metaforen om puslespelet, der eg er sjefen, men eg spør andre om råd. Og så trur eg på rutiner. Eg lagar med vekes- og dagsplanar, og veit kva som er viktig for meg.

I dag kjenner Ove seg heldig.

– Eg har mine utfordringar, men eg kan ikkje grave meg ned og syns synd på meg sjølv. Dette er situasjonen min her og no, og eg vil leve best mogleg med det. Eg prøver å ikkje tenke på smerten, men heller på barna mine rundt, og mitt bonusbarnebarn på eitt år, som gir mykje glede i kvardagen. Eg kjenner meg kjempeheldig som får ta del i det. Omsorg og empati er reseptfritt.

Les Ove sitt debattinnlegg i Bergens Tidende

Parkinsontilbod på Haugland Rehabiliteringssenter