Vi er difor glade for at arbeidet snart vil starte opp, etter planen rundt 08. september 2025. Då blir det riving av bru og sørvendt kaianlegg, før begge deler skal byggast opp att. Det er planlagt at arbeidet vil ta rundt tre månader.
I denne perioden vil det være stor anleggstrafikk på sjøen rundt brua og holmene, i tillegg til ein del anleggstrafikk på land. Det vil bli sett opp sperringar i områda rundt nausta i perioden arbeidet med brua pågår. Vi må og ta høgde for ein del støy i området på dagtid.
Vi ber alle som oppheld seg i området på sjø og land i denne perioden om å være ekstra merksame og vise omsyn til arbeidet som pågår.
