Fekk du med deg morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane onsdag 21. oktober? Viss ikkje er det berre å gå inn på NRK-appen eller finne fram til sendinga på nettsida deira, ved å følgje linken her.
Roy Raasholm Fauske og Solveig Svarstad frå NRK Sogn og Fjordane tok turen til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og fylte morgonsendinga med kvardagsglimt, informasjon og god stemning frå klokka seks til ni.
Kreftsatsing i mange år
Rehabiliteringssenteret vårt har 85 tilsette, om lag 1000 pasientar i året og vi har mykje å fortelje om både fag, forsking og folk. På NRK får du nokre glimt. Direktør Inger Johanne Osland innleia med å fortelje om senteret og dei mange tilboda våre. Kreft var eitt av temaa.
– Då vi begynte med vårt første kreftrehabiliteringsprosjekt i 1998, var det fordi det fanst lite kunnskap om korleis behovet eigentleg var. Tøff kreftbehandling bryt kroppen ned. Målet her er å byggje kroppen opp igjen, slik at den skal kunne fungere best mogleg i kvardagen, sa Inger Johanne.
Fysioterapeut Erlend Nysæter imponerte med å gå på tredemølle samtidig som han vart intervjua av journalistane. Alt ein gjer for å få rette lydeffektane på radio!

– Trening er generelt viktig både for meistring og for å få opp igjen fysisk form etter tøff behandling og tøff sjukdom. Vi tilpassar treninga etter kva slags utfordringar kvart individ har; styrke eller uthald eller begge delar, sa Erlend.
På treningsrommet fortalde idrettspedagog Elise Ellingsen om det ferske gruppetilbodet til dei som har prostatakreft.
– Tilbodet er spissa i forhold til prostatakreft når det kjem til undervising, erfaringsdeling og trening, sa ho.
– Vi ser at det er fleire som får prostatakreft og at fysisk aktivitet har gunstig effekt på det å betre livskvaliteten både under og etter kreftbehandling. Eit opphald her på rehabiliteringssenteret kan absolutt ha ein helsegevinst for desse pasientane, sa Elise.

Inger Johanne fortalde om gode tilbakemeldingar frå pasientane.
– Vi begynte med brystkreftrehabiliteringar og utvida til mange ulike diagnosegrupper. Tilbakemeldingane er kjempegode. Det viser at dei får betre livskvalitet, betre fysisk form og ikkje minst det å møte andre som har vore gjennom det same; snakke saman, dele erfaringar, sjå korleis andre har løyst ting som har vore utfordrande, sa ho.
Nyttig, nytt prosjekt
Klinisk ernæringsfysiolog Katrine G. Hjertholm og klinikkleiar Marte H. Ulltang tok NRK-journalistane med i badeanlegget og informerte om det spennande samarbeidsprosjektet vi er i gang med om barn og funksjonelle plager.
– Dette er barn som gjerne har falt ut av eit behandlingstilbod, men ikkje har eit godt nok tilbod. Det håper vi at vi kan gjere noko med, sa Marte.
– Funksjonelle plager kan vere ulike symptom som magesmerter, hovudpine, kvalme og svimmelheit. Gjengangaren er at ein har desse kroppslege symptoma, men ein kan ikkje påvise noko på blodprøver, røntgen eller medisinske testar. Det betyr ikkje at plagene ikkje er reelle, sa Katrine.

– Det gjeld mange barn; om lag ein tredel av dei som oppsøkjer lege med funksjonelle plager. Dei fell ofte utanom skule og fritidsaktivitetar. Viss desse plagene vedvarer utan rett behandling, kan ein også ta det med seg inn i vaksenlivet og det kan få følgjer for utdanning, jobb og psykisk helse vidare. Det er viktig å komme i gang med behandling tidleg, uttalte Katrine.
Les meir om prosjektet her på heimesida vår.
Fornøgd pasient
NRK fekk også ein prat med ein av parkinsonpasientane våre som har vore her fleire gonger. Han fortalde at Haugland var hans andre heim.
– Eg kunne ikkje hatt det betre noko anna plass. Ein blir tatt godt i mot. Når eg kjem heim, ser folk at eg har fått ein skikkeleg boost av å vere her, sa han.
I sendinga kan du høyre kva aktivitetar og opplegg han er med på og kvifor han synest det er fint å møte andre med liknande utfordringar.
– Livet hadde ikkje vore like bra om eg ikkje hadde vore på Haugland. Eg lever lenge på eit sånt opphald. Det er heilt fantastisk her. Dette har halde meg i arbeid lenger, fortalde han.
Morgontur og matlaging
Radiovertane fekk så gå ein tur ut på holmane saman med sjukepleiar Hildegunn Sagosen medan sola steig opp og spegla seg i Flekkefjorden. Bakgrunnen er at sjukepleiarane går tur med pasientane kvar morgon.

– Vi tilpassar turen etter funksjon og kva ressursar pasientane har. Målet er ikkje at ein skal gå ei viss lengde eller ein viss fart; det er turen i seg sjølv og opplevinga av å komme ut i frisk luft som er det viktigaste, sa Hildegunn.
Ho la vekt på at ho og kollegaene er heldige som får jobbe på rehabiliteringssenteret på Haugland.
– Vi får vere med på veldig mange pasientretta aktivitetar og ser at pasientane har mykje glede av det. Dei får ein auka motivasjon og meistring i livet som dei elles kanskje ikkje får oppleve på same måte heime. Det er fint å få vere så tett på pasientane som vi får her, fortalde ho.

Roy og Solveig stakk også innom kjøkkenet og fekk innblikk i kva som skjer der. Anne Marie Nedrebø viste fram korleis ho lagar dei populære heimebakte knekkebrøda, laga av mellom anna restar frå havregraut. Monrudee «Mollidy» Skadal og Mariya Ophaug diska opp med god stemning og freistande lukter frå matlaginga.
– Maten er meir enn berre eit måltid; helse, trivsel og livskvalitet, fastslo driftsleiar Elin Håland.
Par og kollegaer
Til slutt i sendinga fekk du møte fysioterapeutparet Erlend Nysæter og Amanda Veiteberg, som avløyser kvarandre i foreldrepermisjon ved nyttår. Sjarmøren Even (9 mnd) var også med på sendinga og fekk utforske NRK-mikrofonen. Erlend frå Bergen og Amanda frå Utvik har no slått seg ned i nabokommunen på grunn av jobbane på Haugland.
– Det var tilfeldig at vi hamna akkurat på Haugland, men vi er kjempeglade for at det vart her, for vi har stortrivest, sa Amanda.
– Dette er ein unik plass å jobbe, for det er fint arbeidsmiljø og ein veldig fin arena å utvikle seg fagleg på – og få mykje erfaring frå forskjellige pasientgrupper, sa ho.

– Det er god variasjon. Vi får gjort vanleg fysioterapiarbeid, kombinert med å vere ute i kano og kajakk og klatre i klatreveggen inne. Det gjer at det gjerne er enklare å stå i ein sånn jobb, enn viss det hadde vore det same kvar dag, meinte Erlend.
Sendinga vart avslutta med at Roy og Solveig omtalte Haugland Rehabiliteringssenter som eit femstjerners hotell i vakre omgivnader: «Dei som er pasientar får utruleg god hjelp til å komme seg tilbake til livet eller til å få ein betre kvardag».
Vi er glade for at NRK ville gje lyttarane eit innblikk i kvardagen vår på Haugland. Sjekk innom sendinga og få det med deg tre fine timar med lokal radiosending, du òg!
