Temaet for konferansen «Møteplassen» i år må seiast å vere høgaktuelt:

Her blir det fagleg oppdatering, refleksjon og praktiske perspektiv på bruk av Pain Reprocessing Therapy (PRT) i rehabilitering.

Kort fortalt er målet med PRT-behandling å «omprogrammere» hjernen til å skru av smerter som ikkje lenger har ei fysisk årsak. Metoden har vore mykje omtalt siste året.

Kanskje las du intervjuet med lege Andreas Pahle i Aftenposten denne veka? «Kan hjernen lære seg å skru av smerter? Andreas Pahle mener ja. Metoden har skapt stor interesse», stod det innleiingsvis i artikkelen.

Saman med psykologspesialist Silje Endresen Reme var Pahle behandlar i programmet «Harald og sytepavene», som gjekk på VGTV i fjor. Der fekk seks pasientar med langvarige og uforklarlege smerter prøve PRT, og fleire av dei omtalte endringa som dramatisk – i positiv retning.

Ifølgje Aftenposten hadde Pahle og Reme forventa å høyre frå mange pasientar etter serien. Den gledelege overraskinga var dei mange meldingane som kom frå kirurgar, ortopedar og andre legar som ville ta i bruk behandlinga. Sjølv held Pahle på med doktorgrad i PRT-metoden.

Forskingsleiar på RKHR, Tarja R. Kvalheim, og smerteforskar Peter Solvoll Lyby avbilda i samband med PRT-kurs på Haugland i sommar. I november kjem begge til konferansen i Bergen.


Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter arrangerer Møteplassen 2026 på vegner av Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering 3. og 4. november i Bergen.

Vi gler oss til at fleire institusjonar skal dele erfaringar frå PRT-behandling på konferansen, og til at dei mange påmelde skal få ei innføring i metoden av psykologspesialist og smerteforskar Peter Solvoll Lyby.

Er du nysgjerrig på PRT og har lyst på fagleg påfyll? Du melde deg på fram til torsdag 17. september, for vi har nokre plassar ledig. Les meir her: