Saman med klinikkleiar Marte Ulltang ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter var han i radiostudioet til NRK i Førde og fortalde om den nye behandlingsmetoden i slutten av juni.
– Det er utfordrande å forklare i éin setning korleis dette fungerer, fordi ein må forstå korleis hjernen og nervesystemet vårt fungerer, sa Inge før han utdjupa:
– Vi er designa med eit varslingssystem som skal hjelpe oss å overleve, men av og til kan dette varslingssystemet bli litt oversensitivt og fortsette å varsle sjølv om ting har grodd og sjukdommen eigentleg er forbi.
Aktuelt for mange
Inge Holsen presiserte at symptoma og smertene folk kjenner er ekte; det er ikkje innbilt eller psykisk.
Marte Ulltang fortalde at rehabiliteringssenteret på Haugland ønskjer å tilby PRT fordi det har komme mykje meir evidens for moderne smerteforsking, og at senteret ønskjer å ta i bruk moderne metodar som viser seg å gje effekt til pasientar med langvarige utfordringar.
– På Haugland har vi mange pasientar med muskel- og skjellettplager og langvarige smerter. Dei har fått mykje behandling. No har det komme ein metode som faktisk kan gje dei håp om å bli smertefrie, sa Marte.
Høyr sendinga
– Det litt kult at vi kan bruse med fjøra og vere optimistiske på vegner av pasienten og sei at «vi trur du kan bli heilt frisk – eller i alle fall hjelpe deg å redusere varslinga», la Inge til.
Høyr fagfolka våre forklare korleis PRT-behandlinga verkar ved å følgje denne linken til NRK radio:
Radiosendinga med Haugland og PRT
Pain Reprocessing Therapy blir tema om lag 01.09.20 ut i sendinga til «God sommar, Vestland», som altså er ei samsending mellom NRK i gamle Sogn og Fjordane og Hordaland.

Fysioterapeut Inge Holsen og klinikkleiar Marte Ulltang med selfie frå NRK-studioet i Førde. I bakgrunnen ser du programleiar Per Vidar Raunholm på skjerm frå studio i Bergen.
